Foreslår å oppheve Postens plikt til å levere banktenester i landpostnettet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 11.05.2021
Regjeringa går inn for å oppheve loven om tilbod av grunnleggjande banktenester gjennom ekspedisjonsnettet til Posten Norge AS. Ein viktig grunn til forslaget er at det finst fleire alternative løysingar for å få utført banktenester og at bruken er låg.
[Retting av skrivefeil, 18. mai 2021: Årstal for oppheving retta frå 2027 til 2021 i siste setning i brødtekst.]
Formålet med loven har vore å sikre eit tilbod av grunnleggjande banktenester gjennom Postens landpostnett. Gjennom loven har husstandar og verksemder med meir enn fire kilometer til nærmaste faste ekspedisjonsstad fått tilbod om enkle banktenester hos postbodet.
Få nyttar tenesta
For å kunne levere tenesta, er Posten avhengig av ein avtale med ein finansinstitusjon. Avtalen Posten no har med DNB, gjeld fram til 1. juli i år. Det har ikkje vore mogleg å inngå ein ny avtale, og Posten vil ikkje lenger kunne tilby tenesta.
På den anna side har framveksten til Internett bidratt til at det i dag finst fleire alternative løysingar for banktenester. Bruken av Postens banktenester i landpostnettet har difor falle kraftig dei siste åra, og er no på et svært lågt nivå.
På denne bakgrunn foreslår regjeringa å oppheve plikta som Posten har til å levere slike tenester frå og med 1. juli 2021.
For fleire opplysningar – sjå:
- 191 L (2020–2021) Opphevelse av lov om tilbud av grunnleggende banktjenester gjennom Posten Norge AS’ ekspedisjonsnett
- Høyring om å oppheve lov om tilbod av grunnleggande banktenester