Regjeringa vil setje ned årsavgiftene for tilsyn med skianlegg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 137/13 | Dato: 26.12.2013
- Regjeringa vil setje ned årsavgiftene for tilsyn med skianlegg og andre former for taubaner for 2014. Dette skal gi betre rammevilkår for skianlegg i Noreg.
- Regjeringa vil setje ned årsavgiftene for tilsyn med skianlegg og andre former for taubaner for 2014. Dette skal gi betre rammevilkår for skianlegg i Noreg.
Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet no sender på høyring eit forslag om å redusere årsavgiftene for skianlegg.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere avgiftene for anlegg i fleire kategoriar: Frå ein avgiftsreduksjon på 23 prosent (-700 kr) for skitau, til ein reduksjon på ca. 11 prosent (-2890 kr) for dei største taubaneanleggene. I tillegg vert det foreslått å redusere gebyret for sertifisering av driftsleiarar av taubaner med 50 prosent (-1500 kr).
- Dette vil redusere utgiftene til skianlegga og bidra til å styrkje økonomien deira, seier Solvik-Olsen.
Statens jernbanetilsyn har i tillegg til tilsyn med jernbane tilsyn med tau- og kabelbaner og med tivoli og moroparkar. Det er høvesvis Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som fastsett dei årlege avgiftene og gebyra for tilsynet.
Høyringsbrevet med forslag til justert gebyrforskrift for 2014 kan du lese her