Statsbudsjettet 2015:
Ferjefri E39 - god framdrift i planlegginga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 144/14 | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
– Ferjefri E39 er eit av dei store samferdselsprosjekta til regjeringa, og i budsjettet for 2015 stadfester vi dette. Etter raske traséval på fleire delar av strekninga, følgjer vi nå opp med midlar til planlegging av fleire prosjekt på E39. Vi finansierer også eit omfattande forskingsarbeid for å realisere satsing på ny bruteknologi. Dermed leverer vi på løfta våre.
– Ferjefri E39 er eit av dei store samferdselsprosjekta til regjeringa, og i budsjettet for 2015 stadfester vi dette. Etter raske traséval på fleire delar av strekninga, følgjer vi nå opp med midlar til planlegging av fleire prosjekt på E39. Vi finansierer også eit omfattande forskingsarbeid for å realisere satsing på ny bruteknologi. Dermed leverer vi på løfta våre.
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i samband med at det i investeringsbudsjettet til Statens vegvesen er sett av midlar til planlegging av fleire av prosjekta som vil vere med på å gjere E39 ferjefri.
Innanfor budsjettforslaget for 2015 er det sett av midlar til planlegging av desse prosjekta som inngår i Ferjefri E39:
- E39 Aksdal – Bergen i Hordaland
- E39 Kryssing av Ørstafjorden i Møre og Romsdal
- E39 Kryssing av Storfjorden (Hafast) i Møre og Romsdal
- E39 Kryssing av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal
- E39 Volda – Ålesund – Molde – Astad i Møre og Romsdal
- E39 Halsafjorden i Møre og Romsdal
- E39 Betna – Vinjeøra – Stormyra i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag
Forskings- og utviklingsarbeid
Innanfor midlar som Statens vegvesen skal nytte til forsking og utvikling er det lagt opp til å bruke 30 millionar kroner til forskingsverksemd som er knytt til utvikling av Ferjefri E39. I tillegg til å ta for seg ulike løysingar for fjordkryssing vil det for Ferjefri E39 vere behov for forsking innan fagområde som samfunnsutvikling, gjennomføringsstratgegiar, energiutvinning og –utnytting.
Planar for kryssing av Sognefjorden
Samferdselsdepartementet har i februar i år gitt Vegdirektoratet i oppdrag å utarbeide ei utgreiing om val av hovudløysing – såkalla konsekvensvalutgreiing, KVU – for E39-kryssing av Sognefjorden. Denne kryssinga er no den einaste fjordkryssinga som står att - før ein har gjennomført konseptvalutgreiingar for alle fjordkryssingar som inngår i Ferjefri E39.
Samferdselsdepartementet har bede om at Vegdirektoratet ser på mellom anna ulike løysingar og måtar for å krysse Sognefjorden ved Lavik – Oppedal. Utgreiinga skal vurdere ulike tekniske bruløysingar. Sjølv om E39 er eit viktig politisk mål, har ein også bede om at ulike ferjeløysingar skal inngå i utgreiinga.
E39 Skei i Jølster – Volda
Ved behandlinga av konseptvalutgreiinga for E39 Skei i Jølster - Ålesund har regjeringa avgjort at framtidig E39 mellom Skei og Volda skal gå via Byrkjelo, i tunnel gjennom Utvikfjellet, i bru over indre del av Nordfjord og vidare til Volda via Kvivsvegen. Regjeringa har også gjort vedtak om at vegen gjennom Stigedalen skal oppretthaldast som riksveg inntil den nye E39-traséen er ferdig utbygd. Dette vil seie at ferjesambandet Folkestad – Volda skal oppretthaldast som riksvegferjesamband. Statens vegvesen har gitt vegen gjennom Stigedalen riksveg nummer 651. Det skal setjast opp skilting som viser at riksveg 651 via Stigedalen er ei alternativ rute til E39 via Kvivsvegen.