Statsbudsjettet 2015:
Fylkesvegane - auka løyvingar og utvida låne- og investeringsramme
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 145/14 | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
- Løyvingane til fylkesvegane aukar sterkt med forslaget til statsbudsjett for 2015. I tillegg foreslår vi at låne- og investeringsramma for transporttiltak i fylka skal aukast frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015. Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing på å hente inn vedlikehaldsetterslepet.
- Løyvingane til fylkesvegane aukar sterkt med forslaget til statsbudsjett for 2015. I tillegg foreslår vi at låne- og investeringsramma for transporttiltak i fylka skal aukast frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015. Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing på å hente inn vedlikehaldsetterslepet.
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i samband med at regjeringa foreslår
2,1 milliardar kroner til kroner i statlege løyvingar til fylkesvegane. Dette er ein auke med over 500 millionar kroner eller 33,2 prosent frå vedtatt budsjett for 2014, der statlege løyvingar til fylkesvegar også auka vesentleg etter regjeringsskiftet.
Samanlikna med det budsjettforslaget som den førre regjeringa la fram for 2014 er auken for 2015 på om lag 840 millionar kroner eller 67,6 prosent. Dei foreslåtte løyvingane er fordelte slik:
Over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet
• 272 millionar kroner til fylkesvegane for å oppfylle tunnelforskrifta. Beløpet blir løyvd over rammetilskotet til fylkeskommunane og er ein kompensasjon for meirutgifter fylkeskommunane har som følgje av krav i ”Tunnelforskrift for fylkesveg”.
• Ein milliard kroner til å ruste opp fylkesvegane, noko som er ein auke på 225 millionar kroner frå 2014.
Over budsjettet til Samferdselsdepartementet
• 580,4 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegane
• 221,5 millionar kroner til ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka
Tryggare tunnelar på fylkesvegnettet
Iverksetting av ei eiga forskrift om krav til tryggleik for visse vegtunnelar på fylkesvegane og på det kommunale vegnettet i Oslo fører til at fylkeskommunane og Oslo kommune får ekstra utgifter for å gjennomføre pålagde sikringstiltak.
Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane skal få kompensasjon for desse ekstrautgiftene, i form av løyving over rammetilskottet til fylkeskommunane. Oppfylling av krava i forskrifta skal følgje ein tidsplan der målet er å fullføre tiltaka innan utgangen av 2019. Meirutgiftene for å oppfylle krava vil variere frå fylke til fylke, og dette er det tatt omsyn til i den fylkesvise fordelinga av kompensasjonsbeløpet på 272 millionar kroner i 2015.
Utvida investeringsrammer – og fylkesvis tildeling basert på nye kriterium
Ei rentekompensasjonsordning for transporttiltak i fylka blei innført frå 2010. I budsjettframlegget frå den førre regjeringa var rentekompensasjonsordninga foreslått fjerna, men etter regjeringsskiftet i fjor haust blei det foreslått å vidareføre ordninga med ei låne- og investeringsramme på to milliardar kroner også i 2014.
Regjeringa foreslår nå å utvide den statlege låne- og investeringsramma frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015.
Det årlege behovet for løyvingar til rentekompensasjon er avhengig av rentenivået. Med utgangspunkt i lånetilsagn gitt for åra 2010-2014 på i alt10 milliardar kroner og halvårsverknad av ny årleg låneramme på tre milliardar kroner, fører gjeldande rentenivå til 221,5 millionar kroner i statleg rentekompensasjon for 2015.
Den fylkesvise fordelinga av investeringsramma for 2015 er basert på nye kriterium for ny investeringsramme på tre milliardar kroner. Dei nye kriteria er baserte på 50 prosent knytt til folketal og 50 prosent knytt til veglengd.
Statleg rentekompensasjon til fylkeskommunale transporttiltak: Fylkesvise fordeling av investeringsramme for 2015, investeringsramme for 2014 og rentekompensasjon for 2015.
Fylke |
Investeringsramme i 2015 – mill. kroner |
Investeringsramme i 2014 – mill. kroner |
Rentekompensasjon for 2015 – i 1000 kroner |
Østfold |
141,9 |
87 |
9 725 |
Akershus |
234,7 |
139 |
15 597 |
Oslo |
196,3 |
112 |
12 622 |
Hedmark |
183,2 |
104 |
11 727 |
Oppland |
155,4 |
83 |
9 428 |
Buskerud |
140,5 |
92 |
10 212 |
Vestfold |
112,9 |
69 |
7 716 |
Telemark |
113,0 |
83 |
9 110 |
Aust-Agder |
83,7 |
52 |
5 804 |
Vest-Agder |
122,0 |
69 |
7 784 |
Rogaland |
220,2 |
131 |
14 692 |
Hordaland |
248,4 |
176 |
19 384 |
Sogn og Fjordane |
116,7 |
139 |
14 714 |
Møre og Romsdal |
181,1 |
131 |
14 399 |
Sør-Trøndelag |
190,3 |
118 |
13 174 |
Nord-Trøndelag |
140,0 |
92 |
10 209 |
Nordland |
205,8 |
160 |
17 372 |
Troms |
143,9 |
100 |
11 034 |
Finnmark |
70,0 |
63 |
7 446 |
Sum |
3 000,0 |
2 000 |
221 500 |