Samferdselsdepartementet - Trond Helge Hem utnemnd til underdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 81/14 | Dato: 06.06.2014
Trond Helge Hem blei i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.
Trond Helge Hem blei i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.
Hem er 37 år og er cand.polit. frå Universitetet i Oslo. Han arbeidde i Utlendingsdirektoratet før han kom til Samferdselsdepartementet som fyrstekonsulent i 2007. Han blei seinare rådgjevar og har sidan 2011 vore seniorrådgjevar i Baneseksjonen i Kollektivtransport- og baneavdelinga.
Baneseksjonen
Baneseksjonen arbeider med saker knytt til transport på skjener og taubaner, rammevilkår for jernbanesektoren, etatsstyring av Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn, forvaltning av eigarinteressene til Staten i NSB AS og BaneService AS, budsjett- og økonomisaker, forhandlingar om statlig kjøp av persontrafikktenester på jernbanen, analysar og utgreiingar som gjeld jernbanesektoren, internasjonale jernbanespørsmål, tilsynsoppgåver, langtidsplanar, lov- og forskriftsarbeid i jernbanesektoren og andre juridiske og administrative saker.