Samferdselsministeren fekk KVU for kryssing av Oslofjorden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 176/14 | Dato: 19.11.2014 | Sist oppdatert: 08.12.2014
- Moderne og meir effektive transportløysingar for kryssing av Oslofjorden er viktig for framtida. Det handlar om betre å knyte saman bu- og arbeidsregionar på begge sider av fjorden.
- Moderne og meir effektive transportløysingar for kryssing av Oslofjorden er viktig for framtida. Det handlar om betre å knyte saman bu- og arbeidsregionar på begge sider av fjorden.
Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han i dag fekk overlevert rapporten ”Konseptvalgutredning (KVU) for kryssing av Oslofjorden”.
Statens vegvesen, Kystverket og Jernbaneverket har laga utgreiinga på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Utgreiinga inneheld vurderingar og tilrådingar om val av framtidige løysingar for kryssing av fjorden.
- Utgreiinga vil vere eit godt grunnlag når regjeringa skal velje hovudløysing for planlegging av det framtidige transporttilbodet over Oslofjorden, seier samferdselsministeren.
Statens vegvesen vil no sende utgreiinga på offentlig høyring til aktuelle aktørar lokalt. Parallelt med høyringa skal utgreiinga gjennomgå ei ekstern kvalitetssikring (KS1).
- Vi vil ta stilling til val av løysing etter at høyringsrunda og KS1-prosessen er ferdig, som ein del av grunnlaget for ny Nasjonal transportplan.
For fleire opplysningar - sjå:
- Konseptvalgutredning (KVU) for kryssing av Oslofjorden av Statens vegvesen