Statsbudsjettet 2015:
Storsatsing på kystforvaltning – 3 milliardar kroner i 2015
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 158/14 | Dato: 08.10.2014 | Sist oppdatert: 13.10.2014
- Kystområdet blir utan tvil ei viktig satsing i regjeringa sin samferdselspolitikk. Med ein auke i løyvingane på rundt 15 prosent kan fleire viktige prosjekt no starte opp.
- Kystområdet blir utan tvil ei viktig satsing i regjeringa sin samferdselspolitikk. Med ein auke i løyvingane på rundt 15 prosent kan fleire viktige prosjekt no starte opp.
Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa foreslår å løyve til saman 2,75 milliardar kroner til kystforvaltningsområdet. Dette svarer til 3 milliardar kroner før uttrekk av meirverdiavgift*, noko som er 14,4 prosent meir enn det den førre regjeringa foreslo for 2014.
Ansvaret for kystforvaltninga blei overført til Samferdselsdepartementet etter regjeringsskiftet i fjor, og regjeringa foreslår no å setje av 10 prosent av avkastninga frå det nye infrastrukturfondet til å styrkje sjøtransporten.
- Vi ønskjer at nærskipsfarten skal bli ein meir integrert del av transportnettet i landet. Resultatet er ei storsatsing der fleire viktige prosjekt på kystområdet blir starta opp, seier samferdselsministeren.
- Med unntak av Borg hamn, Røsvikrenna, set vi i gang utbygging og planlegging av alle farleitiltaka som ligg inne inn i første fireårsperiode i Nasjonal transportplan. I tillegg startar vi planlegging av ei rekkje prosjekt som ligg inne i neste seksårsperiode, seier Solvik-Olsen.
Regjeringa foreslår også å setje av 10 millionar kroner til tiltak retta mot hamner, gjennom ei ny tilskotsordning for hamnesamarbeid.
For å etablere ein miljøbase/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen foreslår regjeringa å løyve 40 millionar kroner.
- Og etter mange år med utgreiingar og papirmølle, startar no det fysiske arbeidet med ubåtvraket U-864 i Hordaland, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
(* Kystverket er frå 2015 omfatta av ordning med nøytral meirverdiavgift. Dette er ei rekneskapsteknisk endring og vil ikkje ha noko praktisk betyding.)