Digital løysing fjernar tidstjuvar for skipsfarten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 85/15 | Dato: 02.06.2015 | Sist oppdatert: 05.06.2015
- Kystverket si innføring av digital kommunikasjon mellom skipsfarten og norske styresmakter, er eit godt døme på korleis vi kan effektivisere viktige samfunnsoppgåver gjennom digitalisering. Det er flott at her Kystverket gjer dette, og er eit godt føredøme for andre, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Frå 1. juni blei skipsfarten sine meldingar til norske hamner fullt ut digitalisert. Dei vert no sendt gjennom det nasjonale meldingssystemet SafeSeaNet Norway, som samlar inn lov- og forskriftsbelagt informasjon frå skipsfarten, og sørgjer for at denne informasjonen blir gjort tilgjengeleg digitalt for relevante styresmakterr. Løysinga, som er utviklet av Kystverket, fjernar unødige tidstjuvar for skipfarten og forenklar arbeidet til ei rekkje offentlege styresmakter. Når hamnene no blir inkludert, er løysinga komplett i høve til EUs rapporteringsdirektiv for skip.
– SafeSeaNet fjernar tidstjuvar både for skipsfarten og for offentlege styresmakter. Det betyr at skipsfarten kan bruke mindre tid på kontakt med offentlege styresmakter og meir tid på skape verdiar. Offentlege etatar frigjer ressursar dei kan bruke på betre service og betre tenester, seier kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Skipsmeldingar til og frå hamner i Norge overstig 80 000 registrerte anløp og avgangar i året. Før lanseringa av hamnemodulen i SafeSeaNet Norway har mange hamner mottatt desse meldingane via e-post og telefon. Sidan etableringa av SafeSeaNet Norway i 2005 har talet på skipsmeldingar til styresmakter og hamner gradvis blitt redusert i frå om lag 330.000 til om lag 85.000 årleg. Dette tilsvara ein reduksjon i talet på meldingar på omlag 250 000, samstundes som meldingane no berre skal bli gitt gjennom eitt system som er felles for alle som skal motta meldingane. Kystverket anslår at skipsfarten i dag brukar om lag 12 000 færre årlege timar enn før til utfylling av meldingar til ulike styresmakter. Besparinga skuldast at det no berre er behov for ei melding der det før måtte bli gitt ei eiga melding til kvar mottakar.
– Digitalisering og elektronisk kommunikasjon har enorm tyding for økonomi og samfunnsutvikling, og regjeringa vil halde fram å jobbe for å legge til rette for gode digitaliseringsprosjekt – og god infrastruktur til å gjere desse prosjekta, seier Solvik-Olsen.