Statsbudsjettet 2016: Kollektivsatsinga - 22,8 milliardar kroner til effektiv og miljøvenleg persontransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 183/15 | Dato: 07.10.2015
- Regjeringa prioriterer kvardagsreisene for pendlarane og transportløysingar som fremjar gode bymiljø. Derfor held vi fram med det høge nivået på kollektivsatsing i 2016 budsjettet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Regjeringa foreslår 22,8 milliardar kroner til ulike kollektivtiltak i 2016, på nivå med 2015. Jernbanesatsinga har auka rundt 50 prosent i denne stortingsperioden, og løyvingar til belønningsordninga for kollektivtransport har hatt tilsvarande kraftig vekst. På begge områda ligg løyvingane foran planlagt nivå etter dei første tre åra av Nasjonal transportplan 2014-2023.
- Vi treng eit kollektivtilbod som er føreseieleg. Difor intensiverer Regjeringa satsinga på drift og vedlikehald av den eksisterande jernbanen. Etterslepet på vedlikehald vert med budsjettforslaget redusert med over ein halv milliard kroner i 2016. Det er andre år med reduksjon i forfall, etter mange tiår med auka forfall, seier samferdselsministeren.
- Vi legg også til rette for å kunne realisere fleire jernbaneprosjekt, ved å auka planleggingsmidlane for nye prosjekt. Både på Ringerikesbanen og InterCity-satsinga på Austlandet, og Dunderlandsbanen i Nordland har vi varsla store prosjekt. I tråd med Nasjonal transportplan blir budsjettbehovet for investeringar i 2016 redusert, fordi store prosjekt som Fellesprosjektet langs Mjøsa og IC-strekninga ved Holmestrand står ferdige i 2015 og 2016. Difor er auka planlegging viktig slik at vi raskt får på plass nye store prosjekt. Investeringsbehovet vil auke igjen, ettersom fleire IC-prosjekt blir ferdig planlagt, seier Solvik-Olsen.
Fleire bur i by
- Folketalet i byområda vil vekse kraftig i åra som kjem. Regjeringa gjennomfører ei omfattande satsing på bygging av infrastruktur i og rundt dei største byane, samstundes som satsinga på kollektivtiltak, gonge og sykling held fram på eit rekordnivå. Vi må gjere det meir attraktivt for folk i storbyane å sykle, gå og bruke kollektivtransport til kvardagsreisene, seier samferdselsministeren.
Belønningsordninga og bymiljøavtaler
Regjeringa foreslår 1,1 milliard kroner til belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda, noko som er om lag 100 millionar kroner meir enn planlagt nivå i Nasjonal transportplan 2014-2023. Forhandlingar om bymiljøavtaler er starta opp, og regjeringa foreslår 300 millionar kroner til statleg bidrag i avtalene i 2016. Fordelinga av midlane avheng av resultata etter forhandlingar i dei enkelte byområda.
- Bymiljøavtaler er eit viktig verktøy for å utvikle tiltak for eit godt bymiljø. Regjeringa legg vekt på at alternativa til bruk av personbil må vere effektive og fleksible, slik at det er attraktivt å nytte kollektivtilbodet til kvardagsreisene, seier samferdselsministeren.
Gjennom bymiljøavtalene kan staten stille opp med halvparten av kostnadane ved store kollektivprosjekt i dei fire største byområda. Først i løypa er Oslo/Akershus og Fornebubanen. Det er også forhandlingar med Trondheim/Sør-Trøndelag, medan Bergen og Stavanger blir neste byar i forhandlingane. For begge ordningane er målet eit betre bymiljø og at veksten i trafikken skal takast med kollektivtransport, sykling og gonge.
Fornebubanen – 100 millionar kroner til planlegging
T-banestrekninga Fornebubanen er ein del av Oslopakke 3. Den skal gå frå Majorstuen, via Lysaker, Vækerø og Skøyen, og vil gje Fornebu eit godt kollektivtilbod med høg kapasitet. Staten vil dekkje halvparten av kostnadane.
For 2016 foreslår regjeringa eit statleg tilskott på 100 millionar kroner til vidare planlegging, og staten tar dermed halvparten av forventa kostnadar for planleggingsarbeidet. Det er ein føresetnad at det er inngått ei bymiljøavtale for Oslo og Akershus før midlane vert betalt ut.
Jernbanen og riksvegnettet
Løyvingar til jernbanen og riksvegnettet er ein viktig del av satsinga på kollektivtransport.
I 2016 foreslår regjeringa å løyve meir enn 21 milliardar kroner til jernbanen. Av dette er om lag 18 milliardar kroner foreslått til drift og vedlikehald av eksisterande jernbaneinfrastruktur samt investeringar i ny infrastruktur, og 3,2 milliardar kroner foreslått til statleg kjøp av persontransport med tog.
På vegbudsjettet blir det foreslått 89,5 millionar kroner til kollektivtrafikktiltak og tiltak for universell utforming på riksvegnettet. Dette er ein auke på 6,5 prosent frå saldert budsjett 2015.I tillegg kjem 35 millionar kroner i bompengar. Desse midlane skal i hovudsak nyttast til å oppgradere haldeplassar og knutepunkt.
Elektronisk billettsystem for heile landet
- Lett tilgjengeleg og påliteleg reiseinformasjon og enkel billettering er viktig for å få enda fleire til å reise med kollektivtransport. Vi arbeider med å få på plass eit felles elektronisk billettsystem for heile landet og ein nasjonal reiseplanleggjar, seier samferdselsministeren.
Regjeringa foreslår å løyve 32,2 millionar kroner til desse tiltaka i 2016.
Andre midlar
Fylkeskommunale midlar til kollektivtransport kjem i tillegg til dei statlege midlane og billettinntektene.
For fleire opplysningar - sjå: