Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2016: Kraftig vekst i veginvesteringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Betre vegar er viktig for næringslivet og folk flest. Redusert reisetid, lågare kostnader for næringslivet og tryggare trafikk er drivkrefter for utvikling av betre infrastruktur. I statsbudsjettet for 2016 får vegsektoren eit kraftig løft, slik at ein både kan byggje meir ny veg og ytterlegare auke vedlikehaldet på eksisterande veg. Det er òg eit viktig bidrag for raskt å skape aktivitet og arbeidsplassar. Løyvingane til planlegging aukar også sterkt – for å leggje til rette for framtidig prioritering av prosjekt i Nasjonal transportplan og for å kunne framskunde prioriterte prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.

Regjeringa foreslår i alt31,5 milliardar kroner til vegformål over budsjettet til Samferdselsdepartementet i 2016, ein auke på 4,9 milliardar kroner eller rundt 18,5 prosent frå 2015. Det gir rom for å styrkje vedlikehald og fornying av riksvegane, slik at ein i 2016 reduserer vedlikehaldsetterslepet med 2,1 milliardar kroner. Auken gir også rom for å anleggsstart eller førebuande arbeid for fleire større prosjekt, i tillegg til at ein vidarefører løyvingar på eit historisk høgt nivå for prosjekt som alt er i gang.

Regjeringa foreslår i alt 2,5 milliardar kroner til fornying og utbetring av tunnelar på riksvegane. Dett er ein auke på 1,1 milliardar kroner eller 80 prosent frå 2015.

Med foreslått løyving til vedlikehald vil 1400 kilometer riksveg få nytt asfaltdekke. 

Fylkesvegane: Vedlikehaldsetterslep blir innhenta 
Fylkesvegane får vekst i statsbudsjettet også i 2016. Totalt 2 297 millionar kroner  er sett av til fylkesvegar. Dette er meir enn ei tredobling frå regjeringsskiftet. Over budsjettet til Samferdselsdepartementet  er det foreslått 596 millionar kroner i tilskott til skredsikring og 192,5 millionar kroner til rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka.

Over rammetilskottet til fylkeskommunane, på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, blei det i 2015 lagt inn 272 millionar kroner i samband med at ein i 2016 set i verk forskrift som gjeld tryggleik i tunnelar på fylkesvegnettet. Dette er vidareført med 279,3  millionar kroner  i budsjettforslaget for 2016.

Vidare blir fylkeskommunane tildelt om lag 1230 millionar  kronar med grunngjeving i opprusting og vedlikehald av fylkesvegar.

- Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing som mellom anna er med på å hente inn vedlikehaldsetterslepet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Bompengereform – med 400 millionar kroner til rentekompensasjon for bompengelån
Regjeringa foreslår 400 millionar kroner til ei ny ordning med rentekompensasjon for bompengelån. Beløpet blir dekt innanfor foreslåtte løyvingar på posten "Særskilte transporttiltak".  Denne rentekompensasjonen er ein del av regjeringa si bompengereform. Ordninga er eit statleg bidrag til reduserte bompengeutgifter i prosjekt som skal leggjast inn i  dei fem nye regionale bompengeselskapa som skal opprettast i staden for dagens 50 - 60 selskap.

- Målet er å redusere bompengebelastinga for trafikantane og leggje til rette for ein smidig overgang til ny og meir effektiv organisering av bompengesektoren, seier samferdselsministeren.

Fordeling av løyvingar til vegformål
Av dei dei foreslåtte løyvingane på 31,5 milliardar kroner til vegformål, over budsjettet til Samferdselsdepartementet, går til saman 1,3 milliardar kroner til Nye vegar AS , eit nyoppretta statleg utbyggingselskap for veg. Beløpet er fordelt med ein milliard kroner i tilskott og 300 millionar kroner til rådvelde som driftskreditt.

Resten, 30,2 milliardar kroner, er foreslått til Statens vegvesen, med denne fordelinga:    

  • 11,06  milliardar  kroner til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning – ein auke på 578,5 millionar  kroner eller 5,5  prosent frå vedtatt budsjett 2015.
  • Nær 16,5 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring – ein auke på vel 2,7 milliardar kroner eller 20 prosent frå vedtatt budsjett 2015.
  • 596 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegnettet 
  • 16,8  millionar kroner til  Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg
  • 983,6 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
  • 458,1 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre  vegutbyggingar i perioden 2005-09  etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)
  • 192,5  millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”
  • 87,5 millionar kroner i statleg tilskott til fysiske tiltak og tilrettelegging av infrastruktur for meir sykling på kommunale og fylkeskommunale vegar.
  • Nær 340 millionar kroner til infrastrukturtiltak på vegnettet i Nord-Noreg – som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift (tiltak og kompensasjon kjem i tilegg til Nasjonal transportplan 2014-2023).

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning
Innanfor den foreslåtte løyvinga på 11,1 milliardar kroner til ”Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m”  er det sett tilstrekkeleg med midlar til at forfallet av vegnettet blir redusert.   

Midlane er fordelte slik:

  • 3,15 milliardar kroner til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, trafikkstyring og trafikantinformasjon.   
  • 3,26 milliardar kroner til vedlikehald av riksvegnettet –  ein auke med vel 285 millionar kroner frå 2015.  Av den foreslåtte løyvingaskal 1,3 milliardar kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi nye vegdekke på om lag 1400 kilometer riksveg. Saman med andre vedlikehalds- og fornyingstiltak - på bruer, i tunnelar, haldeplassar og i tekniske anlegg – fører dette til at vedlikehaldsetterslepet blir redusert.
  • 1,97 milliardar  kroner er sett av til trafikant- og køyretøyområdet i 2016, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utførte ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver. Den  styrkinga av kontrollverksemda som blei sett i verk i år, skal halde fram og gjerast enda meir målretta i 2016. Kontroll av vinterutrustning og bremser på tunge køyretøy skal prioriterast, saman med mellom anna kabotasje.
  • 2,2 milliardar kroner går elles til forvaltning av riks- og fylkesvegnettet, og 400 millionar kroner er sette av til byggherrekostnader innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegar.

Investeringar på riksvegnettet: I alt 16,5 milliardar kroner   
Dei foreslått løyvingane på til saman 16,5 milliardar kroner i statlege løyvingar til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring på riksvegnettet, omfattar ei rekkje ulike prosjekt og tiltak: Om lag 8,1  milliardar kroner gjeld store vegprosjekt. Resten er fordelt til mellom anna fornyings- og utbetringstiltak, tiltak for gåande og syklande, trafikksikringstiltak langs eksisterande veg, miljø- og servicetiltak, Nasjonale turistvegar og tiltak for kollektivtransport og universell utforming.

Innanfor investeringsbudsjettet er det elles sett av 300 millionar kroner som mogleg statleg bidrag i 2016 til ordninga med bymiljøavtalar. I tillegg er det – over budsjettposten "Særskilte transporttiltak" – sett av 100 millionar kroner som statleg bidrag til planlegging av Fornebubanen.  Tildeling av tilskottsmidlar er avhengig av at det er inngått ein bymiljøavtale mellom staten og Oslo/Akershus.   

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet er det for 2016 rekna med om lag 9,3  milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering av tiltak på riksveg. Av dette utgjer bompengane 8,3 milliardar kroner, medan 900 millionar kroner er forskott  og 75 millionar kroner er ulike tilskott. Overslaget for bruk av bompengar viser ein nedgang for andre år på rad frå 2014.

Planlegging og kjøp av grunn: 1,85 milliardar kroner – aukar med 50 prosent
Innanfor foreslått løyving til riksveginvesteringar går om lag 1,85 milliardar kroner til planlegging og kjøp av grunn – ein auke på 50 prosent frå 2015. Midlane skal særleg nyttast til planar for å leggje til rette for framtidig prioritering av prosjekt i Nasjonal transportplan 2014-2023. Auka planleggingsaktivitet vil også kunne leggje til rette for å framskunde prioriterte prosjekt. Midlane skal også gå til planavklaring for prosjekt som Nye vegar AS skal overta og til planavklaring for nye OPS-prosjekt. I tillegg er det prioritert midlar til kjøp av grunn for E18 Vestkorridoren i Akershus.

Større vegprosjekt: Anleggsstart og førebuande arbeid
For desse  tre  større prosjekta, alle med kostnadsoverslag over 500 millionar kroner, er det lagt til grunn statlege midlar til anleggsstart i 2016:

-         E16 Øye – Eidsbru i Oppland

-          Riksveg 36 Skyggestein – Skjellbredstrand i Telemark

-          E6 Tana bru i Finnmark

E18 Varoddbrua i Vest-Agder, E39 Bjørset – Skei i Sogn og Fjordane og E6 Vindalsliene –Korporals bru i Sør-Trøndelag er også planlagt med oppstart i 2016, men arbeidet med ekstern kvalitetssikring (KS2) gjenstår. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til styrings- og kostnadsramme så snart det ligg føre nærmare avklaringar.

For prosjektet riksveg 70  Meisingset – Tingvoll i Møre og Romsdal er det planlagt anleggsstart i 2016.

Statlege midlar er dessutan sette av til førebuande arbeid på desse to prosjekta, som begge er OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid):

-          Riksveg 3/25 Ommangsvollen – Grundset/Basthjørnet i Hedmark

-          Riksveg 555 Sotrasambandet i Hordaland

For desse tre prosjekta er det lagt til grunn statlege midlar og bompengar til førebuande arbeid og eventuell anleggsstart i 2016, med atterhald om at bompengeopplegget er blitt behandla og godkjent av Stortinget:

-          Riksveg 23 Dagslett – Linnes i Buskerud

-          E16 Bagn – Bjørgo i Oppland

-          E6 Helgeland sør i Nordland

2016: Åtte større prosjekt blir opna for trafikk
Desse åtte større riksvegprosjekta blir opna for trafikk i 2016, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

-         E18 Knapstad – Retvet i Østfold og Akershus

-          E39 Drægbø – Grytås og Birkeland – Sand nord i Sogn og Fjordane

-          Riksveg 9 Sandnes - Harstadberget i Aust-Agder

-          E 134 Førrestjørn i Rogaland

-          E6 Kryss  Flyplasvegen i Akershus

-          E6 Frya – Sjoa i Oppland

-          E6 Halselv – Møllnes i Finnmark

-          Rv 4 Lunner grense – Jaren og Lygna sør i Oppland

Fornying og utbetring i tunnelar: Nær 2,5 milliardar kroner - aukar med 80 prosent
Innanfor investeringsbudsjettet til Statens vegvesen foreslår regjeringa til saman vel 1,8  milliardar kroner til fornyingstiltak på riksvegane. Midlane vil i  hovudsak bli nytta til tiltak for å ta igjen forfall i vegtunnellar og for oppfylle krav og reglar for tunnlar. I tillegg skal delar av løyvinga nyttast til rehabilitering av bruer og til drens- og avløpssystem.

Innanfor foreslåtte løyvingar til vedlikehald og utbetringar er det òg sett av midlar til tiltak i tunnelar. Saman med midlane til fornying er det dermed lagt opp til å bruke  i alt nær 2,5 milliardar kroner til å fornye og utbetre riksvegtunnelar. Dette er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller om lag 80 prosent frå 2015.

Særskilte tiltak for trafikksikring: 808 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs dagens  vegnett er det foreslått 808 millionar kroner innanfor investeringsbudsjettet til Statens vegvesen.

Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker og utforkøyringsulukker.  Bygging av  midtrekkverk er prioritert.  Andre tiltak er mellom anna sterkare midtmarkering (utover det som skjer ved vegvedlikehald og fornying), utbetring av terrenget langs vegen, vegbelysning, rekkverk og utbetring av kurvar og kryss.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av bygging av nye og tryggare vegar, bygging av gang- og sykkelvegar, sikringstiltak i tunnellar og skredsikringstiltak. Løyvingane til drift, vedlikehald, trafikant- og køyretøytilsyn og ulike informasjonstiltak,  er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.

Skredsikring: 1259 millionar kroner
Til skredsikring er det over budsjettet til Samferdselsdepartementet føreslått å løyve i alt 1259 millionar kroner. Av dette går om lag 663 millionar kroner til tiltak på riksvegar, medan  596 millionar kroner er statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegar.

Statleg kjøp av riksvegferjetenester
Regjeringa foreslår om lag 984 millionar kroner til kjøp av riksvegferjetenester – ein auke på nær 290 millionar kroner frå 2015. Auken er knytt til oppstart av ny kontraktsperiode for dei fire sambanda riksveg 13 Laukvik – Oanes og riksveg 13 Hjelmeland – Nesvik i Rogaland og riksveg 5 Manheller – Fodnes og riksveg 55/riksveg  13 Hella – Vangsnes – Dragsvik i Sogn og Fjordane. Auken har også samanheng med heilårsverknaden av at ein frå 1. mai i fjor innførte forbetra kapasitet i sambanda E39 Halsa – Kanestraum og E39 Molde – Vestnes i Møre og Romsdal.

I budsjettforslaget for 2016 er det lagt til grunn at køyretøy- og passasjertakstane skal auke med gjennomsnittleg 2,9 prosent.   

Investeringar – fordelt på transportkorridorar og riksvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2016 skal nyttast til saman om lag 16,5 milliardar kroner i statlege midlar til  investeringar på riksvegnettet, medrekna skredsikring. I tillegg kjem om lag 9,3 milliardar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar”, posten "Skredsikring riksvegar"  og tre eigne investeringspostar -  for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

955 millionar kroner av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje-rutefordelte tiltak”, som omfattar mellom anna: Tiltak innanfor prosjektet Nasjonale turistvegar, forsking og utvikling (80 millionar kroner, medrekna 30 millionar kroner til prosjekt knytt til fjordkryssing på E39), etatsutgifter knytt til dei store investeringsprosjekta og føresett bidrag til bymiljøavtalar.

Ansvarsområdet til Statens vegvesen: Samla investeringsmidlar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring  

Korridor/rute

Statlege midlar

- forslag                 

2016

(mill kr)

Ekstern
  finansiering

- overslag             2016

(bompengar m.v.)   
 
(mill kr)

Totalt til investeringar                  i 2016 
 
(mill kr)           

  

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo med tilknytingar

297

274

571

2. Oslo - Ørje/Magnor

E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

425

490

915

E16 Riksgrensen/Riksåsen -Hønefoss og rv 35   Hønefoss  - Hokksund med tilknytingar

387

 

387

3. Oslo - Grenland - Kristiansand – Stavanger 

E18 Oslo - Kristiansand og E39 Kristiansand -   Stavanger med tilknytingar 

2 093

1 870

3 963

4. Stavanger - Bergen - Ålesund – Trondheim 

E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytingar

1 298

1 052

2 350

E39 Ålesund – Trondheim

297

 

297

Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend og rv 13/rv 55   Jøsendal - Voss - Hella – Sogndal

283

52

335

5. Oslo -   Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E134 Drammen - Haugesund med tilknytingar

756

2 189

2 945

Rv 7 Hønefoss -Gol og rv 52 Gol – Borlaug

262

 

262

E16 Sandvika - Bergen med tilknytingar

1 401

523

1 924

6. Oslo Trondheim med   armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund 

E6 Oslo - Trondheim med tilknytingar

4 179

1 544

5 723

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

295

 

295

Rv 15 Otta – Måløy

132

 

132

E136 Dombås - Ålesund med tilknytingar

389

27

416

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

70

 

70

7. Trondheim - Bodø med  armar mot Sverige 

E6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

719

755

1 474

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armar til   Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland 

E6 Fauske  -   Nordkjosbotn med tilknytingar

1 130

256

1 386

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar 

1 097

 

1 097

Sum rutefordelte   midlar 

15 509

9 032

25 541

Ikkje-rutefordelte midlar, medrekna Nasjonale   turistvegar x)

955

 

955

Sum xx)

16 464

9 032

25496

x) Omfattar også føresett bidrag til bymiljøavtalar

 xx) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar”, posten Skredsikring riksvegar og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell,  E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo og midlar frå ekstern finansiering (bomvegar m.v.)
 

For fleire opplysningar - sjå: