Stansar innkrevjing av bompengar på "Riksveg 23 Oslofjordforbindelsen"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 128/16 | Dato: 11.05.2016
- Det er ikkje grunnlag for ytterlegare forlenging av ordninga med bompengar for trafikk på riksveg 23 Oslofjordforbindelsen, i Akershus og Buskerud. Innkrevjinga skal derfor avsluttast ved utgangen av august i år, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Dagens innkrevjing bygger på eit vedtak i Stortinget i 2013, der det blei gitt høve til å forlengje bompengeinnkrevjinga i inntil tre år, etter at første trinn av prosjektet blei nedbetalt i august 2013.
I vedtaket var det lagt til grunn at endeleg opplegg for bygging og finansiering av andre byggjetrinn med nytt tunnelløp under Oslofjorden, skulle leggjast fram for Stortinget i løpet av treårsperioden. Dersom eit slikt opplegg ikkje var handsama av Stortinget innan tre år etter at første byggjetrinn er nedbetalt, skulle innkrevjinga avsluttast.
Bygging av nytt tunnelløp – og andre alternativ for kryssing av Oslofjorden
Det er førebels ikkje avgjort kva for alternativ som skal leggjast til grunn for kryssing av Oslofjorden. Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen vurdere alternativ til bygging av eit nytt tunnelløp parallelt med eksisterande løp. Ei slik vurdering var ein del av konseptvalutgreiinga "Kryssing av Oslofjorden" som Statens vegvesen la fram hausten 2014, og som deretter blei kvalitetssikra eksternt. Statens vegvesen er òg bedt om å arbeide vidare med opplegg for bygging og finansiering av nytt tunnelløp.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til val av trasé for fjordkryssing når tilstrekkelege avklaringar ligg føre.