Transportattachear frå EU vitjar Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 166/16 | Dato: 30.06.2016
- Det blir utført mykje internasjonal transport i Noreg, og norske transportselskap tek del i denne verksemda. Det er såleis særs viktig at vi er med og påverkar internasjonalt arbeid om rammevilkår og standardar. Vi har difor invitert sentrale folk frå EU til Noreg. I to dagar skal dei få oppleve norsk samferdsel, norske behov og lytte til våre synspunkt om internasjonale løysingar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tok i mot transportattacheane frå EU i Operaen 29. juni (foto: Olav Heggø).
For tredje gong er transportattachear frå EU på vitjing Noreg. Liknande arrangement blei gjennomført i Oslo i 2008 og i Stavanger i 2012. I år er arrangementet attende i Oslo, frå 29. juni til 1. juli.
Om lag 50 personar har tatt turen frå Brussel. Dei fleste av desse er transportattachear frå medlemsstatane til EU, og arbeider i EU-delegasjonane til medlemslanda i Brussel. I tillegg deltek desse attacheane i rådsarbeidsgruppa til EU innan transportområdet. Denne gruppa er viktig i prosessen med å vedta nytt EU-regelverk.
Under opphaldet i Oslo skal transportattacheane mellom anna på synfaring på Follobane-prosjektet, vitje det maritime rådgjevingsselskapet DNV GL og reise til Oslo Lufthamn for å høyre om fjernstyrte tårn og satsing på biodrivstoff innan luftfart.
I lag med Nærings- og fiskeridepartementet er Samferdselsdepartementet ansvarlege for programmet.
For fleire opplysningar - sjå:
- Program for transportattacheane i Noreg (pdf)
Presentasjoner (på engelsk)
- Norwegian Transport and Transport Policy in a European Context
- Norwegian Public Roads Administration
- Urban Environment Agreements
- Oslo Package 3
- Concept Study Oslo Hub
- The Follo Line Project
- Avinor
- Blue ocean - green future
- DNV GL - The European world-leading Class
- Mediterranean situation and consequences for shipping industry
- Charlotte Demeer Strøm
- Shipping CO2 emissions
- ReVolt