Haugesund lufthamn får overgangsordning slik at arbeidet med ruteutvikling kan halde fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 27/17 | Dato: 14.02.2017
- Haugesund lufthamn er viktig for regionen, og regjeringa vil bidra til at lufthamna kan utvikle seg vidare. Vi vil derfor legge til rette for lokale ønskjer om å teste ut ein annan driftsmodell, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Det har over tid vore lokale ønskjer om at Haugesund lufthamn skal kunne drivast utanfor Avinormodellen. Før jul i fjor blei det derfor bestemt at drifta av Haugesund lufthamn skulle ut på anbod, som eit pilotprosjekt. Prosessen er no i gang, men dette er eit omfattande arbeide som kan ta noko tid.
- Samferdselsdepartementet vil no be Avinor om å etablere ei overgangsordning for å sikre kontinuitet i arbeidet med ruteutvikling. Ordninga skal gjelde fram til arbeidet med anbodskonkurransen er fullført, seier Solvik-Olsen.
Avinor har i dag ansvaret for drifta av Haugesund lufthamn, medan det er lokale aktørar som står for arbeidet med ruteutvikling. Etter at drifta er sett ut på anbod, i form av ein tenestekonsesjon, skal Avinor framleis eige lufthamna.
Dagens avtale om ruteutvikling mellom Avinor og Lufthavnutbygging AS går ut 1. mai 2018. Overgangsordninga skal gjelde frå denne datoen, og fram til arbeidet med å setje drifta av lufthamna ut på anbod er fullført.
Overgangsordninga skal etablerast så raskt som mogleg, og før 1. mai 2017.