Invitasjon til bruk av auka løyvingar til kollektivtransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 12/17 | Dato: 24.01.2017
Statlege bidrag til kollektivsatsing er mangedobla dei siste tre åra. 2017 blir nok eit år med kraftfull satsing. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte av dei største byane til å søke om ekstra pengar til tiltak. - Vi vil bidra til at folk flest får eit godt alternativ til privatbil i dei største byområda. Gjennom positive verkemiddel kan vi både gi folk ein betre reisekvardag og redusere køar og miljøbelastninga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
For 2017 er det løyvd 425 millionar kroner ekstra til Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk, som eit resultat av budsjettforliket hausten 2016. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte byområde til å kome med forslag til korleis ein kan nytte pengane.
- Regjeringa og stortingsfleirtalet legg til rette for at trafikkauka i byane kan tas ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gonge. Gode kollektivløysingar for dei store byane er difor avgjerande for å nå dette målet. Med 425 millionar kroner i auka løyvingar til Belønningsordninga etter budsjettforliket, sørger vi for framleis sterk satsing på feltet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Dei åtte byområda som kan søke er Oslo/Akershus, Bergen, Nord-Jæren, Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma, Grenland og Tromsø. Trondheim har allereie ein bymiljøavtale med belønningsmiddel inkludert, og er tildelt 41 millionar kroner ekstra i budsjettforliket.
Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk skal stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Belønningsmidla vil på sikt bli ein del av bymiljø-/byvekstavtalar med desse ni byområda.
- Pengane skal nyttast lokalt, derfor er det viktig at byområda sjølv søker. Dei veit best korleis kvar krone kan nyttast på ein måte som bidreg til nullvekst i personbiltrafikken, seier Solvik-Olsen.