Samferdselsdepartementet: Thomas Ruud Sollien utnemnd til underdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 84/2017 | Dato: 25.08.2017
Seniorrådgjevar Thomas Ruud Sollien blei i statsråd 25. august utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.
Thomas Ruud Sollien er 45 år og har hovudfag i sosialøkonomi frå Universitetet i Bergen i 1997. Han arbeidde ett år som instruktør for Sjøforsvarets forvaltningsskule, før han begynte Samferdselsdepartementet i 1998. Dei første åtte åra arbeidde han ved Trafikksikkerhets- og beredskapsseksjonen, før han blei tilsett i ny stilling i Vegseksjonen i 2006. Sollien er nå utnemnd til underdirektør for Vegseksjonen. Vegseksjonen arbeider mellom anna med rammevilkår, planlegging og budsjettering for vegsektoren og har det overorda ansvaret for etatsstyringen av Statens vegvesen.