Revidert nasjonalbudsjett
25 nye Flirt-tog og betre nettdekning om bord
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 73/18 | Dato: 15.05.2018
- Passasjertala viser at stadig fleire reiser med tog. Utviklinga er gledeleg og illustrerer at jernbanesatsinga til regjeringa gir effekt. Men fleire reisande betyr at det blir behov for fleire tog. I tillegg er ein del av togflåten utdatert og klar for utskifting. Vi legg difor til rette for at Norske tog AS kan kjøpe inn ytterlegare 25 nye Flirt-tog utover dei som allereie er bestilte. Samstundes blir det lagt opp til at Flirt-toga kan bli oppgraderte med utstyr for betre nettdekning, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Regjeringa foreslår å auke fullmaktsramma til restverdigaranti for å oppgradere og nyinvestere i persontog i 2018, frå nær 1,2 milliardar kroner til nær 3,54 milliardar kroner.
Erstattar utdaterte tog
Auken i fullmaktsramma gjer at Norske tog AS kan kjøpe inn 25 nye tog av typen Flirt. Dette togmateriellet skal erstatte utdaterte dieseltog som i dag trafikkerer Trønderbanen, Meråkerbanen og Rørosbanen, i tillegg til gamle InterCity-tog som blir brukt i rushtidsavgangar på Østfoldbanen og Vestfoldbanen.
Oppgraderer Flirt-tog
Dei siste åra har over 100 Flirt-tog blitt sette inn i trafikk og fleire er allereie bestilte. No blir deg mogleg å oppgradere toga med å mellom anna installere trådlaust internett, mobilrepeatarar og passasjerinformasjonssystem i togmateriellet.
I tillegg skal to bestilte togsett bli oppgradert til bimodale/hybride tog, som kan gå på både elektrisitet og diesel. Dei første bimodale toga er planlagt innfasa frå april 2021.