Betre rutetilbod og store miljøgevinstar i ny kontrakt på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum i Møre og Romsdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 140/18 | Dato: 05.09.2018
- Regjeringa satsar på ei grøn framtida i norsk ferjedrift. Derfor stiller vi strenge miljøkrav i den nye kontrakten på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum. I tillegg sørgjer vi for fleire avgangar, spesielt i helgane og på nattetid. Slik knyter vi regionane på kvar side av fjorden betre saman og sørgjer for ein enklare reisekvardag for folk flest, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statens vegvesen set straks i gang utlysing av nytt anbod. Samferdselsdepartementet har stilt krav om betre rutetilbod og strenge krav til utslepp. Dei tre ferjene som trafikkerer sambandet i dag, blir erstatta med større ferjer. I tillegg er det krav om eit større reservefartøy enn i dag.
No blir ferjesambandet døgnope sju dagar i veka. På laurdagar blir det sju rundturar meir enn i dag.
I dei nye kontraktane er det krav om at heile 95 prosent av energiforbruket skal vere basert på nullutsleppsteknologi. Dei siste fem prosentane skal tryggje driftstryggleiken i sambandet, men skal vere berekraftig biodrivstoff eller LNG.
- På grunn av dei kravet om nullutsleppteknologi i kontrakten, vil berre pris avgjere kven som vinn anbodet. På den måten sørgjer vi for å halde kostnadene nede, utan at det går ut over miljøet eller tryggleiken til dei reisande, seier Dale.
Sambandet Halsa-Kanestraum ligg på E39 aust for Kristiansund og knyter Møre og Romsdal og Trøndelag saman. Overfartstid er på 20 min. Oppstart av den nye kontrakten er i 2021, kontrakten varer i10 år med opsjon om 18 månader ut over kontraktsperioden.