Høyring: Liberalisering av ekspressbussnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 167/18 | Dato: 15.10.2018
- Regjeringa jobbar for at folk flest skal få ein enklare reisekvardag. Løyvingane til kollektivtransport er større enn nokon gong. No føreslår vi å liberalisere ekspressbussane ytterligare. Dersom bussruta er over 50 km, treng ikkje tildelinga av ruteløyve behovsprøving, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet har i dag sendt framlegg om endringar i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta på alminneleg høyring.
Av framlegget går det fram at tildeling av ruteløyve for kommersielle bussruter med ei rutelengde på 50 km eller meir ein veg ikkje lenger skal behovsprøvast. Som følgje av dette kan det ikkje setjast forbod mot lokaltrafikk på lokale strekningar på slike ruter. Det vil vere opp til operatøren om han vil utføre lokaltrafikk på ruta. Framlegget gjeld uavhengig av om ruta kryssar ei fylkesgrense eller går innafor eit fylke.
I høyringa er det og foreslått at løyve for kommersielle flybussar heller ikkje skal behovsprøvast - uavhengig av rutelengde. Vilkåret er at alle passasjerane må gå på eller av på ein flyplass.
Dei objektive krava for tildeling av løyve blir vidareført som før. For ruter som går innan eit fylke, vil fylkeskommunen framleis vere løyvestyresmakt, medan departementet er løyvestyresmakt for ruter som kryssar ei fylkesgrense. Departementet ser for seg at ordninga med delegering til ein fylkeskommune til å ta avgjerd i 1. instans ved søknad om fylkeskryssande ruter også blir vidareført.
Bakgrunnen for framlegget er både behovet for ei tilpassing til regionreforma for å kunne vidareføre ei liberal ekspresspolitikk og regjeringa sitt må om å leggje til rette for ei ytterlegare liberalisering av ekspressbusspolitikken.
I høyringsnotatet har departementet peikt på at framlegget vil ha avgrensa verknad på inntektsgrunnlaget til den lokale kollektivtrafikken som fylkeskommunane kjøper. Framlegget kan på sin side bidra til at publikum kan få eit betre kollektivtilbod.
Høyringsfristen er sett til 2. januar 2019.