Kortare ventetid for elbilar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 195/18 | Dato: 14.12.2018
- Vi har i dag innført ei endring i vegtrafikklova som vil kunne gjere enda fleire elbilar tilgjengelege for kjøpare i Noreg, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Bakgrunnen for endringane er at forordningar frå EU blir del av EØS-avtala.
Når Noreg er omfatta av EU sine gjennomsnittlege berekningar for CO2-utslpp per bilprodusent, så vil dette bety at dei i større grad vil tilby sine bilar med lågt utslepp i Noreg. – Ved å gjennomføre denne endringa legg vi til rette for kortare ventelister for elbiler, seier Dale.
Lova rettar seg mot bilprodusentar og ikkje det enkelte køyretøy. Med dette vil det norske el-bilsalget kunne telja med for den enkelte bilprodusent når gjennomsnittleg CO2 skal bereknas. Ein reknar med at dette også vil bidra til at Noreg vil bli forsynt med fleire elbil-modellar.
Dersom den enkelte bilprodusent ikkje overheld kravet til gjennomsnittleg CO2-utslipp kan Kommisjonen ilegge bilprodusenten gebyr. Denne myndigheten vil bli overført til ESA overfor bilprodusentar i EØS/EFTA-statene. – Denne lovendringa inneber eit kraftig tildriv for bilprodusentane til å selja så mange el-biler som mogleg, seier Dale.
Du finn Prop 91 her.