No blir det billigare å betale på nett enn på trafikkstasjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 200/18 | Dato: 20.12.2018
Frå 1. januar blir det lågare gebyr for enkelte teneste når du brukar Statens vegvesens sine sjølvbetjeningsløysingar, og ikkje møter opp på trafikkstasjonen. – Når du utfører tenesta sjølv, er det rimeleg at du også betalar mindre for tenesta, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar, som gir auka fleksibilitet og tilgjengelegheit for brukarane, samtidig som Statens vegvesen kan utøve dei viktigaste oppgåvene på ein meir effektiv måte.
For å auke bruken av dei digitale løysingane blir det no innført ulike gebyr for enkelte tenester, avhengig av om brukaren utfører tenesta digitalt sjølv, eller møter opp på trafikkstasjonen. I første omgang gjeld dette gebyr for duplikat av førarkort og utstedt fartsskrivarkort. Desse tenestene blir vesentleg billigare ved bruk av sjølvbetjente løysingar. Utover ei indeksregulering aukar ikkje gebyra for å få utført teneste ved oppmøte på trafikkstasjonen. Når nye digitale løysningar kjem på plass vil det også bli vurdert ulike gebyrnivå for desse tenestene.
Les meir på vegvesen.no