Fire millionar kroner til lokale trafikktryggleikstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 146/18 | Dato: 24.09.2018
Samferdselsdepartementet har i år delt ut fire millionar kroner i støtte til lokale trafikktryggleikstiltak. I år går støtta spesielt til haldningsskapande og trafikantretta arbeid.
– Lokalt arbeid er avgjerande i innsatsen for færre drepne og hardt skadde i trafikken. Difor gir Samferdselsdepartementet støtte til slikt arbeid, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet si tilskotsordning for lokale trafikktryggleikstiltak skal bidra til å styrkja lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre lokale aktørar.
– Tilskotsordninga er ein del av regjeringa si breie satsing på trafikktryggleik. Satsinga tek i bruk eit breitt spekter av tiltak, både fysiske tiltak på vegnettet, tiltak som kan påverke trafikantanes åtferd, og tiltak retta mot køyretøy. For å redusere talet på drepne eller hardt skadt i trafikken er det viktig å jobbe samen, og lokale initiativ er eit viktig bidrag, seiar Dale.
Desse prosjekta har fått midlar i år:
- Trygg Trafikk Vestfold til "Lys til ettertanke": Er tildelt kr 100 000 til minnemarkeringa "Lys til ettertanke". Markeringa har som føremål å minnast trafikkoffer og setja søkelys på konsekvensane av trafikkulukker. Minnemarkeringa i Vestfold er heldt årleg sidan 1994.
- Trafikksikkerhetsforeningen til tiltak for trygg ferdsel i sommartrafikken: Er tildelt kr 250 000 for å gjennomføra lokale sommarkampanjar om trafikktryggleik på veg på større stadar i landet. Føremålet med kampanjen er å redusera talet på hardt skadde og drepne i sommartrafikken i tråd med nullvisjonen.
- Team Trysils Mekkeklubb til haldningsskapande trafikktryggleiksopplæring: Er tildelt kr 50 000 til vidare utvikling av dugnadsbasert klubbverksemd kor ungdom gjevast opplæring om køyretøy og fart.
- Miljøagentene til konkurransekampanjen "Beintøft": Er tildelt kr 200 000 for å engasjera elevar til å gå, sykla eller ferdast kollektivt til skulen. I følgje Trygg Trafikk utgjer foreldre som køyrer borna sine til skulen ein stor trussel mot tryggleiken til barn på skulevegen. Å redusera biltrafikken rundt skular er difor eit viktig trafikktryggleikstiltak. Miljøagentane samarbeider med Trygg Trafikk, Vegdirektoratet, Helsedirektoratet, Foreldreutvalet i grunnskulen og Syklistanes Landforbund om kommunikasjon rundt trafikktrygg og miljøvennlig transport.
- Varden menighet til tiltak for trygg skuleveg: Er tildelt kr 10 000 til gjennomføring av lokale morgonaksjoner ved skuler i Stavanger hausten 2018. Føremålet med aksjonane er å hindra trafikkulukker ved å tilby refleks til skuleelevar og andre gåande, og dessutan montering/skifte av batteri på sykkellys.
- Knarvikmila AKS-77 til konkurransekampanjen "Knarvikmila 2018": Er tildelt kr 100 000 til gjennomføring av konkurranseløp med teoretisk og praktisk undervisningsopplegg om trafikktryggleik, rette mot 10.klassinger. Knarvikmila er eit samarbeidsprosjekt mellom totalt 12 lag og organisasjonar i regionen. Undervisinga om trafikktryggleik gjennomførast i samarbeid med politiet, ambulanse - og brannvernsteneste og Trygg trafikk.
- FAU Baushammeren barnehage til trafikktryggleiksopplæring: Er tildelt kr 119 000 for å etablera ein trafikkløype på barnehagen sitt uteområde. Løypa skal innehalde ulike trafikale element slik ut borna vert kjend med ulike trafikksituasjonar. Føremålet er at borna, gjennom leik, skal læra grunnleggande trafikktryggleik og vera godt rusta til skulestart.
- 18pluss/Trafoen til vidareutvikling av eksisterande trafikktryggleikstiltak "Trafoen og 18pluss": Er tildelt kr 500 000 til oppføring av ny tryggleikshall for å auka besøkskapasiteten. "Trafoen og 18pluss" er eit trafikktryggleikstiltak i Kristiansand som er finansiert av Statens vegvesen og Aust-Agder fylkeskommune. Tiltaket er retta mot ungdom som skal ta førarkort for bil. Deltakarane går gjennom ulike rom der dei gjennom filmar opplever ein trafikkulukke på nært hald, med påfølgande debrifing og refleksjon. Tiltaket har som målsetjing å påverke medvitet til elevane og haldning til risiko, og auka forståinga for årsaka til og konsekvensane av trafikkulukker.
- MA-Ungdom til tiltak retta mot ruspåverka køyring: Er tildelt kr 400 000 til gjennomføring av lokale kampanjar mot ruspåverka køyring og jubileumsutstilling med same føremål i høve av at Deathtrip-prosjektet er 10 år. Føremålet er å auka forståinga for konsekvensane av ruspåverka køyring blant ferske sjåførar.
- Tvedestrand kommune til tiltak for auka trafikktryggleik for mjuke trafikantar: Er tildelt kr 100 000 for å etablera trafikktrygg grøn sone til Tvedestrand badepark. I samband med etableringa av badeparken i 2014 har kommunen hatt ein kraftig auking i talet på mjuke trafikantar i området. Tilkomstvegen inneberer at ein må kryssa trafikkerte FV 411. Med mellom femti og seksti tusen besøkande i 2017-sesongen, inklusive hyppige besøk frå lokale barnehagar og skuler, ynskjer dei å etablera ein trafikktrygg grøn sone til badeparkområdet. Føremålet er å minimera risikoen for ulukker og sikre trygg ferdsel for sårbare trafikantgrupper.
- Trygg trafikk, NAF, Syklistene (SLF) og Norges Cykleforbund (NCF) til trafikktryggleiksopplæring: Er tildelt kr 900 000 for etablering av portalen sykkeldyktig.no. Føremålet med portalen er gjera det enkelt og intuitivt for skuler i heile landet å finna materiell og informasjon om trafikkopplæring på sykkel. Alle skuler, og andre interesserte brukarar, vil kunna ta portalen i bruk kostnadsfritt. Portalen skal bidra til betre samordning i den målretta innsatsen for auka sykling. Portalen vil ta utgangspunkt i læreplanverket sitt kompetansemål om sykling, og vil òg innehalde eksemplar på trafikkopplæringsplanar som skulene oppfordres til å utforma.
- Kjør for livet AS til samarbeidsprosjektet "KLF Klubb 7": Er tildelt kr 750 000 for å utvida prosjektet til nye fylke i 2018. Kjør for livet sitt verksemd rettar seg mot spenningssøkande barn og unge opp til 24 år med interesse for motor og mekanikk. Deltakarane rekrutterast frå mellom anna barnevernstenesta, skulene, PP-tenesta og førebyggande gruppe i Politiet. Gjennom eit tilpassa fritidstilbod er målet å flytta utøvinga av spenninga til arenaer kor ungdomen får god oppfølging av kompetente vaksne rollemodellar. Kjør for livet er eit samarbeidsprosjekt mellom Trygg Trafikk, Kongelig Norsk Automobilklub, Statens vegvesen og Gjensidige forsikring, og vert rekna som eit nasjonalt tiltak mot risikoutsatt ungdom.
- Oslo kommune – bydel Østensjø Helsestasjon for barn og unge til førebyggande trafikktryggleikstiltak for barn: Er tildelt kr 100 000 til utdeling av refleks til barn og barnevogner, og til installasjon av skjermar som skal visa informasjonsfilmar om sikring av barn i bil på venteområda til helsestasjonen. Føremålet med tiltaka er å bidra til auka kunnskap om sikring av barn i bil og auka medveten om trafikktryggleiksopplæring og refleksbruk.
- FAU Presterød skole til tiltak for å styrkja trafikktryggleiken for skuleelever: Er tildelt kr 350 000 for å gjennomføra tiltak som forhindrar bilkjøring og "slusar" elevar trygt inn i ein bilfrisone rundt Presterød skole. Etablering av bilfrie soner rundt skuler er i tråd med føringar i prosjektet "Hjartesone", som vart lansert i 2016 gjennom markeringar på skuler i heile landet. Prosjektet er eit samarbeid mellom primært Trygg trafikk, Staten sin vegvesen og Helsedirektoratet, kor skuler oppfordrast til å skapa eit bilfritt miljø rundt skuleområdet.
- Svelgen-Bremanger Røde Kors til trafikktryggleikstiltak med fokus på varsling og bistand ved ulykkeshendingar i trafikken: Er tildelt kr 10 000 til gjennomføring av aksjonar kor det skal delast ut førstehjelpsutstyr og brosjyrar med informasjon om førstehjelp til bilistar på veg. Organisasjonen har inngått eit samarbeid med det lokale lensmannskontoret og Utrykningspolitiet som vil stoppa bilistar og gje rettleiing. Målet er å få fleire til å ta førstehjelpskurs og auke forståinga av plikta til å yta bistand og varsla om ulykkeshendingar i trafikken.
- Tysvær kommune til haldningsskapande tiltak om trygg ferdsel på veg: Er tildelt kr 61 000 til utvikling av informasjonsskilt som skal hengjast opp på samlege idrettsanlegg i kommunen. Skilta skal oppfordre idrettsutøvarar som ferdast som mjuke trafikantar, og vaksne som køyrar barn til anlegga, om å ferdast forsiktig og bruka pålagt tryggleiksutstyr. Midlane skal òg nyttast til planlagd distribusjon og utdeling av refleks til idrettslag i kommunen. Mål for prosjektet er å styrkja arbeidet med trafikktryggleik for gåande, syklande og køyrande i samband med idrettsaktivitetar i kommunen.