Samferdselsbudsjettet 2019
Satsinga på kollektivtransport, gang- og sykkelvegar aukar med nær 50 prosent i dei ni største byane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 160/18 | Dato: 08.10.2018
Regjeringa foreslår å bruke over 3,7 milliardar kroner til tiltak som vil betre transportkvardagen i dei ni største byområda. Pengane skal nyttast til betre kollektivtransport, tiltak langs riksvegane og tilskot til infrastruktur i store kollektivprosjekt. Midlane skal inngå i bymiljøavtaler, byvekstavtalar eller belønningsavtalar. Denne løyvinga er nær 50 prosent høgare enn i 2018-budsjettet.
– Byane våre veks. Fleire reisande og meir godstrafikk vil skape kø og trengsel på vegane om vi ikkje klarer å tilby gode og fleksible alternativ. Målet er å skape løysingar som er så gode at færre ønskjer å bruke personbil på kvardagsreisene i byområda. Det betyr effektiv transport for pendlarane og betre kvardagsreiser for oss andre, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
1,5 milliardar kroner til store kollektivtransportprosjekt
Regjeringa legg mykje pengar i å delfinansiere utviklinga av det lokale kollektivtilbodet i dei fire største byområda. Det skjer gjennom bymiljøavtaler og byvekstavtalar med staten. Det er frivillig for byområda å delta, men avtalene utløyser ekstra midlar frå staten til oppgåver som eigentleg ikkje er statlege. Byområda forpliktar seg til finne verkemidlar slik at veksten i persontransporten skjer i form av kollektivtransport, sykling og gåing og ikkje med personbil.
Regjeringa vil bruke 1 532 millionar kroner i tilskot til store kollektivprosjekt i dei fire største byområda gjennom bymiljøavtaler og byvekstavtalar:
- 391 millionar kroner til Fornebubanen i Oslo og Akershus
- 5 millionar kroner til Metrobussen i Trondheim
- 962 millionar kroner til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen
- 174 millionar kroner til Bussveien på Nord-Jæren
– Med denne 50/50-ordninga tek staten halvparten av rekninga for utbygging av store kollektivtransportprosjekt i dei fire største byområda som vel å inngå ei bymiljø- eller byvekstavtale. Satsinga er nær ei dobling, seier samferdselsministeren.
Tiltak for betre kollektivtransport, sykkel og gange
Det er sett av 771 millionar kroner til belønningsmidlar i bymiljøavtaler og byvekstavtalar. Desse midlane går i hovudsak til dei fire største byområda:
- 280 millionar kroner til Oslo og Akershus
- 170 millionar kroner til Trondheim
- 200 millionar kroner til Bergen
- 100 millionar kroner til Nord-Jæren
I tillegg foreslår regjeringa 659,7 millionar kroner til tiltak for kollektivtransport, sykkel og gange langs riksvegar i dei fire største byområda.
Regjeringa foreslår også 752 millionar kroner til belønningsavtalar innanfor Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda. Det er dei fem minste av dei ni byområda som i hovudsak får desse midlane. I 2018 har Kristiansand, Grenland, Buskerudbyen, Tromsø og Nedre Glomma belønningsavtalar. Regjeringa vil legge til rette for at forhandlingar om byvekstavtalar kan starte opp så raskt som mogleg i de byområda som ønskjer det. Lokalpolitiske vedtak må først vere på plass.
Jernbanen
Ein viktig del av satsinga på kollektivtransport er jernbanen. Regjeringa foreslår om lag 26,4 milliardar kroner til jernbaneformål i 2019, ein auke på 2,9 milliardar kroner, eller 12,4 prosent, samanlikna med budsjettet som vart vedteke for 2018.
– Jernbanen er eit kollektivtilbod som er raskt, arealeffektivt og som kan frakte mange til og frå jobb på ein miljøvennleg måte. Jernbanen har mange fordelar, og regjeringa held fram med å løfte norsk jernbane til eit moderne transportsystem som fungerer godt for dei mange pendlarane og for andre passasjerar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statlege løyvingar til kollektivtransporttiltak – om lag 30 milliardar kroner
Samla foreslår regjeringa å løyve om lag 30 milliardar kroner til kollektivtransporttiltak.
Statlege løyvingar til kollektivtransportsystemet går i hovudsak over veg- og jernbanebudsjetta. Fylkeskommunane har ansvaret for den lokale kollektivtransporten. Denne blir finansiert av dei frie inntektene til fylkeskommunane og gjennom særskilde statlege tilskot.