Historisk arkiv

Belønningsordninga: Forslag om 65 millionar kroner til Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tromsø får no tilbod om ny belønningsavtale for 2019 av staten. Den inneheld 65 millionar kroner i belønningsmidlar til vidare arbeid med å styrke tilbodet av kollektivtransport og legge til rette for gåande og syklande. - Tromsø er ein by i stor utvikling, og det er viktig å fremje god framkome og eit godt bymiljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Belønningsordninga skal stimulere til betre framkome, miljø, klima og helse i storbyområda.

Det er Troms fylkeskommune og Tromsø kommune som no får tilbod om ein eittårig avtale med Samferdselsdepartementet innafor belønningsordninga på 65 millionar kroner. Avtalen legg til rette for eit betre tilbod for dei som reiser med kollektivtransport, syklar og går.

Brev av 21. juni 2019 (pdf)