Fire millionar kroner til lokale trafikktryggleikstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 77/19 | Dato: 21.06.2019
– Lokalt trafikktryggleiksarbeid er avgjerande i innsatsen for færre drepne og hardt skadde i trafikken. Vi deler difor i år ut fire millionar kroner i støtte til slikt arbeid. Støtta i år går spesielt til haldningsskapande arbeid og tiltak retta mot mjuke trafikantar og dei på to hjul, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
– Samferdselsdepartementet si tilskotsordning for lokale trafikktryggleikstiltak er ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik. Tilskota skal bidra til å styrkje lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre lokale aktørar. Satsinga tek i bruk eit breitt spekter av tiltak, både fysiske tiltak på vegnettet, tiltak som kan påverke trafikantanes åtferd, og tiltak retta mot køyretøy. For å redusere talet på drepne eller hardt skadd i trafikken er det viktig å jobbe saman, og lokale initiativ er eit viktig bidrag, seier Dale.
I år har desse prosjekta fått midlar:
- Knarvikmila AKS-77 er tildelt kr 100 000 til gjennomføring av konkurranseløpet "KnarvikMila 2019" med teoretisk og praktisk undervisningsopplegg om trafikktryggleik, retta mot 10.-klassingar. Knarvikmila er eit samarbeidsprosjekt mellom totalt 12 lag og organisasjonar i regionen. Undervisinga om trafikktryggleik skal gjennomførast i samarbeid med politiet, ambulanse - og brannvernsteneste og Trygg trafikk.
- Norsk Motorcykkel Union (NMCU) Oppland er tildelt kr 37 000 til gjennomføring av køyretrening på Vålerbana i Hedmark. NMCU Oppland ynskjer å halde eit lavkostarrangement for medlemmar og ungdom, med mål om auka bevisstheit rundt trafikktryggleik og eit fokus på å unngå mc-ulukker.
- Norges Lastebileier-Forbund (NLF) er tildelt kr 411 000 til gjennomføring av trafikktryggleikskampanjen "Venner på veien". Dette er ein landsdekkande kampanje med mål om å auke trafikktryggleiken i situasjonar der tungtransport og barn møtest i trafikken. Her vil NLF ha undervisningsopplegg for skulebarn (6-9 år), som besøker skulane med lastebil.
- Trygg MC er tildelt kr 36 000 til køyretrening for motorsyklistar på Rudskogen. Trygg MC ynskjer å halde eit lavkostarrangement for motorsyklistar av begge kjønn i alle aldrar. Føremålet er å redusere talet på drepne og skadde mc-førarar ved fokus på å betre eigne køyreferdigheter.
- Sortland kommune er tildelt kr 90 000 til opphøging av gangfelt i Parkveien. Tiltaket rettes særleg mot skuleelevar og brukarar av Sortlandshallen med det mål å sikre en trygg overgang i Parkveien.
- Varden menighet er tildelt kr 10 000 til gjennomføring av lokale morgonaksjonar ved skuler i Storhaug, Stavanger, hausten 2019. Føremålet med aksjonane er å trygge skulevegen og hindra trafikkulukker ved å tilby refleks til skuleelevar og andre gåande, og dessutan montering/skifte av batteri på sykkellys.
- Statland idrettslag er tildelt kr 70 000 til innkjøp av skilt og banner til bruk når Statlandmila blir arrangert. Dette løpet går frå Tøtdal i Namdalseid kommune til Statland skule på 777 Nord-Statland.
- MIND-senteret v/ Bodø kommune er tildelt kr 150 000 til prosjektet "MIND-prosess med føresette". Prosjektet skal lære dei vaksne, i saman med barna, evna til å sjå og forstå truslar som trafikantar opplev, ta dei rette vala og sjå konsekvensane av dei. Poenget er å få dei føresette til å tenke nærare på det ansvaret det er å vere rollemodellar bak rattet, som gåande og som syklande.
- FAU Karlshus skole er tildelt kr 45 000 til innkjøp av lånesyklar, hjelmar og Trafikkboka frå Trygg Trafikk. I tillegg vil FAU ta med skuleungane til Inspiria for trafikkopplæring i deira sykkelpark. Med dette ynskjer FAU ved Karlshus skule å auke kunnskapen, forståinga og fokuset på trafikktryggleiken blant skuleelevane.
- Hægeland og Øvrebø Frivilligsentral er tildelt kr 20 000 til Event Øvrebø som blir arrangert for tredje gong på Skarpengland skule. Dette er eit familiearrangement som blir haldt i samarbeid med Nullvisjonen i Agder og ungdomsklubben Moonlight. Føremålet er opplæring og haldningsskapande arbeid knytt til barneskuleelevar og deira forhold til trafikken.
- Blindheim idrettslag er tildelt kr 55 000 til trafikksikring i Blindheim idrettspark. Med rundt 1000 aktive barn vil idrettslaget no betre trafikkforholda rundt idrettsparken og auke trafikktryggleiken.
- Alta kommune er tildelt kr 164 000 til sykkelkampanjar. Sykkelbyen Alta er eit samarbeid mellom Statens Vegvesen, Finnmark fylkeskommune og Alta kommune. Dei ynskjer å løfte fram sykkel som transportmiddel og få fleire folk til å sykle heile året.
- Herøy kommune i Møre og Romsdal er tildelt 150 000 i tilskot til etableringa av intensivbelysning ved to overgangsfelt over fylkesvegen. Føremålet er ei betre trafikktryggleik for mjuke trafikantar i området og såleis redusere faren for skadde og drepne i trafikken.
- SLF Lillestrøm og omegn er tildelt kr 30 000 til prosjektet Balanced and bilingual. Dette er ei tospråkleg sykkelopplæring for innvandrarkvinner med mål om auka trafikktryggleik. I samarbeid med Rælingen kommune ynskjer SLF Lillestrøm og omegn å utarbeide undervisningsmateriell og kjøpe inn treningssyklar for å gi opplæring i bruk og tryggleik på sykkel.
- Team Trysil Mekkeklubb er tildelt kr 50 000 til vidare utvikling av dugnadsbasert klubbverksemd kor ungdom får opplæring om køyretøy og fart. Klubben har fokus på ferdigheter og kunnskap om bil, i tillegg til ungdom sitt forhold til lover og regler.
- Sykkelkids – Norges Cykleforbund er tildelt kr 360 000 til utvikling av sykkelopplæringa i Hordaland. Målgruppa er særleg barn i 4. og 5. klasse, med det føremål å auke trafikktryggleiken, betre sykkelferdigheter og skape gode haldningar blant barn som skal sykle i trafikken og i nærområdet.
- Trygg Trafikk Vestfold er tildelt kr 95 000 til prosjektet Barn i bil på 1-2-3. Dette er ei barnehagekampanje med dei to viktigaste bodskapa for riktig sikring av barn i bil. Målet er å nå fram til foreldra til dei 12 000 barna i Vestfold og påverke dei til riktig sikring av barna deira i bilen.
- Trygg Trafikk Telemark er tildelt 450 000 kr til kampanjen Bli-sett. Dei ynskjer å arrangere ein "workshop" (Bli-sett) for og med utsatt ungdom i alderen 17-30 år. Trygg Trafikk er oppteken av å møte ungdommen på deira arena under dei ulike føresetnadar som gjeld, og vil såleis nå fram med relevante og engasjerande føredrag og aktivitetar.
- Danvik FAU er tildelt 75 000 kr til oppretting av ei trafikkpatrulje beståande av 7.-klassingar frå skulen, med bistand frå representantar frå FAU. Tiltaket bidreg til å bevisstgjere både elevane som patruljerer og dei andre elevane ved å synleggjøre og setje eit større fokus på trafikktryggleiken i og rundt skulegarden.
- Vefsn kommune er tildelt kr 130 000 i støtte til haldningsskapande arbeid. Kommunen vil halde kampanjar for å få fleire menneske til å sykle meir og ikkje minst sikrare. Eit auka fokus på tryggleik blir enda viktigare når fleire skal sykle og gå framfor å ta bilen.
- Miljøagentene er tildelt kr 412 000 til konkurransekampanjen "Beintøft", for å engasjere elevar til å gå, sykle eller ferdast kollektivt til skulen. I følgje Trygg Trafikk utgjer foreldre som køyrer borna sine til skulen ein stor trussel mot tryggleiken til barn på skulevegen. Å redusere biltrafikken rundt skular er difor eit viktig trafikktryggleikstiltak. Miljøagentane samarbeider med Trygg Trafikk, Vegdirektoratet, Helsedirektoratet, Foreldreutvalet i grunnskulen og Syklistanes Landforbund om kommunikasjon rundt trygg og miljøvennleg transport.
- Trafikk-komitéen v/ FAU Valderøy er tildelt 400 000 kr i støtte til trygging av skulevegen for elevane. Føremålet er å gje eit signal om høve for ei haldningsendring rundt trygg trafikk der det ferdast mjuke trafikantar. Gjennom oppmerking, skilting og belysning vil komiteen legge til rette for ein tryggare ferdsel og såleis auke trafikktryggleiken i området.
- Tysvær kommune er tildelt kr 150 000 for innkjøp av utstyr til sykkelopplæring. Det overordna føremålet er å styrke sykkel- og trafikkopplæringa i kommunen og såleis førebyggje trafikkulukker med sykkel involvert. Ved å stille ein hengar med alt det naudsynte utstyret til utlåns vil kommunen auke tilbodet og tilgjengelegheita for sykkel- og trafikkopplæringa ved skulene.
- Lødingen kommune er tildelt kr 60 000 til trafikktryggleiksopplæring. Kommunen vil mellom anna halde ein "aktiv-skuleveg"-kampanje og sørge for meir skilting i skuleområda. Lødingen kommune vil også i samarbeid med Lødingen sykkelklubb halde ein trafikkdag for barn og ungdom. Med enkle midlar og målretta tiltak er føremålet å sette fokus på og auke trafikktryggleiken for barn og unge.
- 18pluss/Trafoen er tildelt kr 350 000 til produksjon av film. Trafoen er eit trafikktryggleiksprosjekt i Kristiansand finansiert av Statens vegvesen, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune. Føremålet med filmprosjektet er å ta med konseptet som blir brukt i Trafoen og 18pluss ut i distrikta. God og riktig kunnskap om trafikktryggleik hos neste generasjon trafikantar er heilt avgjerande.
- Vinje vaksenopplæring er tildelt kr 100 000 til prosjektet Trafikksikker Flyktningbil. Dei ynskjer å legge til rette for at elevane skal nytte tryggare bilar der ungane bruker barnesete og dekka er tilpassa norske køyreforhold. Det å setje trafikktryggleik i høgsetet er avgjerande for køyrekulturen i eit multikulturelt trafikkbilete.