Statsbudsjettet 2020:
Full fart i bygging av veg og bane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 136/19 | Dato: 07.10.2019
– Regjeringa vil fortsette å bygge landet og skape eit berekraftig velferdssamfunn. Det krev ein moderne infrastruktur med effektive og sikre transportløysingar. Vi held fram med å satse på samferdsel, og bidreg med det til ein enklare kvardag for folk flest, ei styrking av næringslivets konkurransekraft og utvidar bu- og arbeidsregionar. Regjeringa foreslår å løyve 75,4 milliardar kroner til samferdsel i 2020. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013.
Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at regjeringa i dag legg fram forslag til statsbudsjettet for 2020.
Meir vedlikehald og bygging av nye vegar
– For at folk skal kunne bu og arbeide i heile landet, er vi avhengige av gode vegar. Difor har denne regjeringa auka satsinga på vedlikehald av eksisterande vegar og investeringa i nye. For sjette året på rad legg vi fram eit budsjett som vil gi redusert vedlikehaldsetterslep på riksvegnettet, etter fleire tiår med auka etterslep. Med budsjettforslaget for neste år er satsinga på veg på 38 milliardar kroner. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013, seier samferdselsministeren.
Vegane våre skal òg vere trygge mot ras. Til sikring mot ras på riks- og fylkesvegane foreslår regjeringa difor å løyve nesten to milliardar kroner. Dette vil bidra til betre og tryggare vegar for næringslivet og innbyggjarane.
Standarden på fylkesvegane skal bli betre. I statsbudsjettet for 2020 blir det prioritert 100 millionar kroner til ei ny tilskotsordning til fylkesvegar som er viktige for næringstransport. I tillegg fordeler regjeringa 1,5 milliardar kroner av tildelinga til fylka til opprusting og fornying av fylkesvegane.
Satsinga på jernbanen blir trappa opp
– Vi held fram med å løfte norsk jernbane til eit moderne og godt fungerande transportsystem, som kan frakte mange menneske til jobb kvar dag på ein miljøvenleg måte. I statsbudsjettet for 2020 vi foreslår vi å løyve 26,8 milliardar kroner til jernbanen. Det er ein auke på heile 88 prosent sidan 2013, seier Dale.
Dei føreslåtte løyvingane vil mellom anna gå til ni nye togsett, anleggsstart for eit nytt stort prosjekt på Dovrebanen, elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen, auka aktivitet i fleire av dei pågåande prosjekta, samt eit betre togtilbod. Det vil mellom anna bli betre nettdekning, fleire sovevogner og fleire togavgangar.
Teknologi er viktig for transport og miljø
– I løpet av dei siste åra har utslepp frå transportsektoren blitt redusert. Denne utviklinga skal fortsette. Difor legg vi til rette for meir bruk av miljøvenlig teknologi, alternative drivstoff og at folk kan velje meir miljøvenlege transportmiddel, seier samferdselsministeren.
Teknologi er òg viktig for sjøfarten. Det vil mellom anna òg styrke Noreg som sjøfartsnasjon og bidra til maritim næringsutvikling.
Ein sikker sjøveg for folk og gods
Framkome og tryggleik til sjøs er viktig. Med budsjettforslaget vil regjeringa ha halvert etterslepet på vedlikehald på navigasjonsinnretningar frå meir enn 1,4 milliardar kroner i 2014 til under 700 millionar kroner, som er forventa nivå i 2020.
Vidare vil regjeringa bruke 50 millionar kroner til incentivordninga for oppstart av nye tilbod for godsfrakt på sjø.
Auka satsing på luftfartstryggleik
Regjeringa foreslår å styrke Luftfartstilsynet i 2020 med ytterlegare 15 millionar kroner. Desse midlane vil i hovudsak gå til Luftfartstilsynets arbeid med sikker bruk og samfunnstenleg utvikling av dronar.
– Vi skal ha ein trygg, framtidsretta og effektiv luftfart i Norge. Luftfartstilsynet blir sett i enda betre stand til å løyse framtidas oppgåver. I statsbudsjettet for 2020 styrker regjeringa Luftfartstilsynet innan områda ubemanna luftfart, altså dronar, og tryggleik, seier Dale.