Statsbudsjettet 2020:
Meir pengar til fylkesvegane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 141/19 | Dato: 07.10.2019
- Regjeringa vil trygge arbeidsplassar landet over, og styrke bærekrafta i velferdssamfunnet. Skal vi lykkast med det må eit konkurranseutsett norsk næringsliv få lettare åtgang til marknaden gjennom betre transport. I budsjettet for 2020 opprettar vi derfor ei ny tilskotsordning for å utbetre fylkesvegar som vert mykje brukt av næringstransport. Denne løyvinga og vidareføring av den sterke satsinga på samferdsel etter regjeringsskiftet, legg dermed til rette for at fylka kan prioritere sine vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Regjeringa fordeler 1,5 milliardar kroner av tildelinga til fylka (rammetilskotet) til fylkesvegar etter kriterier for opprusting og fornying. I samband med at fleire tunnelar må utbetrast for å komme krava i tunnelsikkerheitsforskrifta i møte, blir fylkeskommunane kompenserte for utgiftene til slike utbetringar i tunnelar på fylkesvegane. I 2020 går om lag 310 millionar kroner til dette.
- Vi må ta vare på dei vegane vi allereie har. Derfor er vedlikehald viktig for denne regjeringa, ikkje berre på riksvegane. Med over 1,5 milliardar kroner fordelt til vedlikehald og fornying kan fylka sørge for gode vegar til både folk og næringsliv i heile landet, seier samferdselsministeren.
Til rassikring på fylkesvegar foreslår regjeringa å fordele nær 800 millionar kroner av midlane til fylka ut frå kor rasutsette vegane i fylka er.
- Det skal vere trygt å køyre på norske vegar. Det er ei utfordring med alle Noreg sine fjell og dalar. Derfor satsar regjeringa på å sikre vegane mot ras. Med nær 800 millionar kroner til rassikring på fylkesvegar vil fylka kunne prioritere tiltak for å sikre eigne vegar mot ras, seier Dale.
Ny tilskotsordning til fylkesvegar
Regjeringa vil opprette ei ny tilskotsordning for næringstransport for fylkesvegar. Ordninga skal gjere det lettare å utbetre fylkesvegar mange store køyretøy nyttar. Det er sett av 100 millionar kroner til ordninga for 2020.
- Det bur og jobbar folk over heile Noreg. Vi har næringsverksemd i store byar og på dei ytste øyane. Slik skal det òg vere i framtida. Derfor må vi sørge for at dei som køyrer varene kan gjere det på trygge fylkesvegar, akkurat som på riksvegar. I Granavolden-plattforma lova vi at dette skulle komme i ny Nasjonal transportplan, men no kjem den nye ordninga allereie neste år, seier samferdselsministeren.
Korleis tilskotsordninga skal innrettast og kva som blir kriteria kjem regjeringa attende til.
Tilskotsordninga for utbetring av fylkesvegar for tømmertransport blir vidareført. Regjeringa foreslår nær 26 millionar kroner til ordninga i 2020. Under ordninga er ei rekke vegar blitt utbetra og flaskehalsar fjerna, slik at det mellom anna er mogleg å køyre tyngre lastebilar på fleire vegar enn tidlegare. Det kan føre til færre lastebilar og køyreturar og betre miljø.