Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Meir veg for pengane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa bygger landet for framtida og det blir skapt nye jobbar i bygd og by. Trygge og gode vegar er ein føresetnad for å få det til. I 2020 skal vi fortsette å satse stort på veg. Vi skal opne mye ny veg, blant anna 55 kilometer firefelts motorveg, samstundes som vi skal vedlikehalde vegane vi allereie har. I budsjettforslaget sett vi òg av 100 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for utbetring av fylkesvegar som er viktige for næringstransporten. Slik får vi varer heilt frå fabrikken til kundane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Gjennom regjeringspartia sin bomepengeavtale og Granavolden-plattforma skal regjeringa bruke om lag 18,5 milliardar kroner til å redusere bompengar dei neste ti åra. Samstundes skal kollektivtrafikken styrkast med om lag 10 milliardar kroner. I budsjettet for 2020 foreslår regjeringa 1,4 milliardar kroner til å kutte bompengar i distrikta, og om lag 425 millionar kroner til å kutte bompengar i dei største byområda, 5 milliardar kroner til kollektivtransport, sykkel og gange i dei 9 største byområda og om lag 550 millionar kroner til ei betring av kollektivtransporten utanfor dei største byområda.

Sjå også eiga pressemelding om regjeringspartia sin bompengeavtale.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 38 milliardar kroner til vegformål i 2020. Av den foreslåtte løyvinga går 32,4 milliardar kroner til Statens vegvesen og 5,6 milliardar kroner til Nye Veier AS. Det er foreslått 19,2 millionar kroner til Vegtilsynet.

Over 80 prosent auke

- Vi har auka løyvingane til veg med over 80 prosent sidan vi kom i regjering. Denne regjeringa tar infrastruktur på alvor, og vegane våre er essensielle for at folk og bedrifter skal leve i både bygd og by. Statens vegvesen har vore viktig for norsk vegutbygging og skal fortsatt vere det i åra som kjem. Nye Veier har fått ei anna samfunnsrolle og kan bygge ut lange strekningar, og dermed få ned kostnadene og utbyggingstida. Saman sørger vi for stadig tryggare vegar i Noreg, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår å løyve 20,5 milliardar kroner til investeringar på riksvegar.

I 2020 skal det etter planen opnast 55,6 kilometer firefelts motorveg. Dette er store prosjekt, som Ryfast og E39 Eiganestunnelen i Stavanger, E134 Damåsen – Saggrenda forbi Kongsberg og E6 Kolomoen – Moelv forbi Hamar.

I tillegg skal fleire prosjekt starte med utbygging i 2020. Fleire strekningar på E16 nord for Fagernes skal byggast ut. Dette inkluderer rassikringsprosjektet E16 Kvamskleiva. Det er òg forslag om midlar til forberedande arbeider og eventuell anleggsstart på E39 Myrmel – Lunde i Vestland, krabbefelt på E39 Ørskogfjellet i Møre og Romsdal og E6 Ballangen sentrum i Nordland.

Vedlikehald

- Det er viktig å ta vare på vegane vi allereie har. Det har denne regjeringa gjort noko med. I 2015 blei etterslepet på vedlikehald på riksvegar redusert for første gang på mange tiår. 2020 er dermed sjette år på rad vi reduserer vedlikehaldsetterslepet, seier Dale.

Regjeringa sett av om lag 4,7 milliardar kroner til vedlikehald og fornying av riksvegar. Med denne løyvinga blir vedlikehaldsetterslepet redusert med om lag 700 millionar kroner i 2020. Ein viktig del av reduksjonen er utbetringa av tunnelar. 2,5 milliardar kroner av løyvinga går til å sikre tunnelar. Etterslepet har vore stort i tunnelar og mange blir no utbetra for å imøtekomme krav til sikkerhet.

Rassikring på riksvegar og fylkesvegar

Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,9 milliardar kroner til rassikring. Av dette er 1,1 milliard kroner til rassikring på riksvegar. I tillegg kjem nær 800 millionar kroner til rassikring på fylkesvegar, som no blir tildelt fylka (gjennom rammetilskotet).

- Vi bur i eit langstrakt land med mange rasutsette vegstrekningar. Folk køyrer med hjartet i halsen. Det vil vi ha ein slutt på. Vi fortset derfor å betre vegane som er spesielt utsett for ras. Med eit samla forslag på 1,9 milliardar kroner til rassikring på riks- og fylkesvegane viser vi at vi tek dette på alvor, seier samferdselsministeren.

Det er mellom anna satt av 100 millionar kroner til å starte å bygge E16 Kvamskleiva, fleire år før tida. Strekninga nord for Fagernes er ein svært rasutsett flaskehals på ein av hovudfartsvegane mellom Oslo og Bergen.

Sjå også eiga pressemelding om rassikring.

Ny tilskotsordning til fylkesvegar

- Det bur og jobbar folk over heile Noreg. Vi har næringsverksemd i store byer og på dei ytste øyene. Slik skal det òg vere i framtida. Derfor må vi sørge for at næringstransporten kan køyre på trygge fylkesvegar, akkurat som på riksvegar. I Granavolden-plattforma lova vi dette i ny Nasjonal transportplan, men no kommer den nye tilskotsordninga for næringstransport for fylkesvegar allereie neste år, seier Dale.

Tilskotsordninga er på 100 millionar kroner. Ordninga skal gjera det lettare å utbetre fylkesvegar mange store køyretøy nyttar. Korleis tilskotsordninga skal innrettast og kva som blir kriteria, kjem regjeringa attende til.

- I tillegg til denne nye ordninga fortset vi med den viktige ordninga vi innførte i år med tilskot til utbetring av fylkesvegar for tømmertransport. Gjennom ordninga er ei rekke flaskehalsar fjerna, slik at det mellom anna er mogleg å køyre tyngre lastebilar på fleire vegar enn tidlegare. Slik kan meir tømmer komme fram fortare og meir miljøvennleg. Vi foreslår nær 26 millionar kroner til ordninga for 2020, seier samferdselsministeren.

Sjå også eiga pressemelding om fylkesvegar.

 

(Oppdatert versjon 7. oktober 2019)