Ny anbodskonkurranse om omdeling av aviser i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 133/19 | Dato: 02.10.2019
- Digitaliseringa held fram. Stadig fleire brukar digitale løysingar. Likevel er papiravisa framleis viktig både for avisbransjen og mange abonnentar. Vi skal difor sørgje for at papiravisene kjem ut til folk i distriktsområde i heile landet både på vekedagar og laurdagar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet inviterer til anbodskonkurranse om avtalar om avisdistribusjon på laurdagar og vekedagar i distriktsområde rundt omkring i heile landet, der avisbransjens eigne bod ikkje finn det lønnsamt å gå med aviser.
Då Stortinget handsama forslag til endring av postloven i juni 2019, blei det vedtatt ein reduksjon i kravet til tal på dagar med postomdeling frå fem til annankvar vekedag i ein to-vekers syklus. Når endringa etter planen skal tre i kraft 1. juli 2020, vil vi få post måndag, onsdag og fredag ei veke, og tysdag og torsdag den neste, osv. Då kan postbodet gå ei rute måndag og ei anna tysdag, og det kan som eit tenkt døme bety at ei veke vil den eine sida av fjorden få post måndag, onsdag og fredag, og den sida av fjorden få post tysdag og torsdag. Den neste veka blir det motsett.
Må by på ulike distribusjonsløysingar i vekedagar
Endra postomdeling kan påverke økonomien til avisene og tilbodet til avislesarane. Regjeringa foreslo difor å kjøpe avisomdeling tre faste dagar i veka (tysdag, torsdag og laurdag) i ein periode på tre år frå endringa i postlova trer i kraft, slik at avisene har tid til å flytte lesarane over på digitale plattformer. Ved handsaminga av regjeringa sitt forslag til ny postlov meinte eit fleirtal på Stortinget at Samferdselsdepartementet skulle ha fleksibilitet til å vurdere andre løysingar for distribusjon, dersom Mediebedriftenes Landsforening og Landslaget for lokalaviser i fellesskap presenterte ei slik alternativ løysing som kunne realiserast innanfor dei økonomiske og tidsmessige rammene av lovforslaget.
Departementet fekk eit forslag frå dei to organisasjonane om ei motsyklisk distribusjonsløysing. Det vil seie at vinnaren av konkurransen skal distribuere aviser måndag til fredag motsyklisk til Posten Norge sitt tilbod, altså levere aviser til dei abonnentane som Posten ikkje leverer til den aktuelle dagen. Vinnaren vil i det tenkte dømet ovanfor gå på motsett side av fjorden av Posten kvar vekedag.
For å følgje opp Stortinget si handsaming, er konkurransen innretta slik at dei som leverer inn tilbod på vekedagar skal by på både motsyklisk distribusjon måndag-fredag og på faste dagar tysdag og torsdag. Departementet vurderer at dette er nødvendig for å teste om motsyklisk distribusjon lar seg realisere innanfor same økonomiske rammer som faste dagar.
Aviser og andre instansar har gitt innspel om dekningsområde
Departementet har dei siste månadane gjennomført to offentlege høyringar. I den første spurte departementet om innspel til dekningsområde for kjøpet av avisdistribusjon. Den andre var ei tilleggshøyring som skulle belyse den motsykliske distribusjonsløysinga.
Departementet har i konkurransen delt landet inn i to leveringsområde både for vekedagar og laurdagar, og skal derfor inngå fire kontraktar.
Vidare framdrift
Frist for innlevering av førespurnad om å delta i konkurransen er 8. november. Eit par veker seinare vil Samferdselsdepartementet sende ut invitasjonar om å gi tilbod, med tilbodsfrist 9. desember.
Departementet tek sikte på å ta ein tildelingsbeslutning og formidle den til tilbydarane før jul i 2019, og start for distribusjonen blir 1. eller 2. juli 2020 for vekedagdistribusjon og 16. januar 2021 for laurdagsdistribusjon
For fleire opplysningar - sjå:
- Alminnelig kunngjøring av konkurranse på Doffin