Nye Veier AS skal bygge ny E6 forbi Lillehammer
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 61/19 | Dato: 24.05.2019
- Utbygginga av E6 mellom Moelv og Øyer vil styrke Mjøsregionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Strekninga er viktig både for næringslivet og folk som skal til og frå jobb, skule og fritidsordningar. Med trafikksikker firefelts veg forsterkar og vidareutviklar vi E6 som hovudferdselsåre mellom Østlandet/Sørlandet og Trøndelag/Nord-Norge, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag til Stortinget om utbygging og finansiering av E6 Moelv-Øyer i Hedmark og Oppland. Nye Veier AS har ansvaret for prosjektet.
Kostnadane redusert med 5 milliardar kroner
- Eg er sjølvsagt glad for at kostnadane i forslaget vi no legg fram er sterkt redusert. I 2016 såg prislappen ut til å bli om lag 16,2 milliardar kroner. No er talet 11,3 milliardar kroner etter at både Statens vegvesen og Nye Veier AS har jobba ned kostnadane. I tillegg har Nye Veier AS klart å auke trafikantnytta med ca. 800 millionar kroner, seier Dale.
Strekninga er 43 kilometer lang og skal byggast som firefelts veg med ei fartsgrense på110 km/t. Dette førar til ei tidssparing på nesten 10 minutt samanlikna med i dag.
Ny E6 vil fleire stader følge same trasé som i dag. Dette gjeld strekningane Biri-Øyresvika og Storhove-Øyer. Forbi Lillehammer kjem vegen til å krysse Lågen lenger nord enn dagens E6, med tunnelar sør og nord for den nye brua.
Første delopning er planlagt allereie i 2023, mens heile prosjektet skal stå ferdig i 2025.
Meir informasjon hos Nye Veier AS