Nye Veier får tre nye vegstrekningar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 4/19 | Dato: 11.01.2019
- Nye Veier vart etablert for å bygge vegar i Noreg på ein betre og meir effektiv måte slik at vi får meir veg for pengane. Selskapet har så langt levert gode resultat. Regjeringa ønsker no å gje selskapet ansvaret for å bygge ut tre nye vegstrekningar. Eg har stor tru på at Nye Veier vil bygge ut desse strekningane på ein rask og kostnadseffektiv måte, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet legg opp til at Nye Veier skal få følgande strekningar:
- E6 Øyer – Otta i Oppland
- E16 Kløfta – Kongsvinger i Akershus og Hedmark
- E6 Kvænangsfjellet i Troms
Strekningane inneheld fleire prosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP). Status for prosjekta er ulik og dei er i NTP planlagd med gjennomføring til forskjellige tidspunkt. I NTP 2018-2029 har mellom anna prosjektet E6 Sjoa – Otta oppstart i perioden 2018-2023 medan prosjektet E6 Ringebu – Frya har oppstart i perioden 2024-2029. E6 Kvænangsfjellet ligg i NTP inne med gjennomføring i perioden 2018-2023 og E6 Kvænangsfjellet sør ligg inne for gjennomføring i perioden 2024 2029. På strekninga E16 Kløfta – Kongsvinger ligg prosjektet E16 Nybakk – Herbergåsen – Slomarka inne med oppstart i perioden 2024-2029.
Nye Veier skal finne løysingar for dei ulike strekningane som betrar den samfunnsøkonomiske lønsemda. Med fleire strekningar i porteføljen sin har dei høve til å vurdere dei ulike prosjekta opp mot kvarandre. På den måten kan selskapet best vurdere rekkefølga for utbygginga av prosjekta. Som eit resultat av dette reduserer dei kostnadane i enkelte prosjekt betrakteleg, slik at andre prosjekt har starta opp tidligare enn forventa.
- Da regjeringa etablerte Nye Veier tilbake i 2015 ønska vi at dei skulle få ned kostnadane i norsk vegbygging. For å få til det valde regjeringa å gi selskapet store samanhangande strekningar, ein fast sum kvart år og høve til å bestemme rekkefølga på utbygginga av strekningane sjølv. Selskapet har i tillegg involvert entreprenørar tidlig i prosessen, slik at kostnadane er meir under kontroll. Det har gitt svært gode resultat og meir veg for pengane, seier Dale.
Sjølv om Nye Veier no får tre nye strekningar, vil den årlege summen selskapet får på om lag fem milliardar kroner, vere den same.
For å overføre dei nye strekningane til selskapet vil Samferdselsdepartementet legge dette fram for Stortinget på egna måte. Regjeringa vil vurdere å overføre ytterligare strekningar til Nye Veier i samband med ny NTP i 2021.