Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Akershus, Buskerud og Oppland tysdag 29. oktober
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 147/19 | Dato: 28.10.2019
OPPDATERT: Endringar i programmet, sjå nedanfor. Samferdselsminister Jon Georg Dale er på reisefot i Akershus, Buskerud og Oppland tysdag 29. oktober. Synfaring på prosjektet E16 Bjørum-Skaret, vegopning på E16 Bagn-Bjørgo, dresinsykling på Valdresbanen og pressetreff om betre togtilbod på Gjøvikbanen står på programmet. Pressa er invitert til å delta.
Programmet for dagen ser slik ut:
08.45-09.45: Synfaring og orientering ved Statens vegvesen om E16 Bjørum – Skaret.
Oppmøtestad er Statens vegvesens prosjektkontor i Jongsåsveien 4 i Sandvika.
Deltakarane blir transportert med minibuss under synfaringa og køyrt tilbake til prosjektkontoret etterpå.
11.45-13.00: Vegopning på E16 Bagn Bjørgo.
Sjå eigen presseinvitasjon frå Statens vegvesen.
15.00-15.45: Synfaring og orientering ved Bane NOR om infrastrukturtiltak som skal gi eit betre togtilbod på Gjøvikbanen. MERK: Synfaringa og orienteringa startar ein time tidlegare enn først meldt.
Oppmøtestad: Perrongen mellom stasjonsbygningen og spor på Gjøvik stasjon.
Vel møtt!
Det er avgrensa med plassar i minibussen på synfaringa av E16 Bjørum-Skaret og på dresinane på Valdresbanen. Presse som er vil vere med på desse to seansane, må melde seg på via:
Samferdselsdepartementets kontaktperson for turen - Henrik Jonassen, mobil: 976 28 091, e-post: hj@sd.dep.no.