Presseinvitasjon: Slik kan staten og næringslivet gå saman om å løyse dei store transportutfordringane – regjeringa får ekspertråd 10. desember
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 169/19 | Dato: 09.12.2019
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Forskingsrådet leia eit arbeid med å finne ut kva innsats og samarbeid som må til for at forsking, utvikling og innovasjon kan bidra til å løyse framtidas største transportutfordringar.
Rapporten frå dette arbeidet blir presentert og overrekt statssekretær i Samferdselsdepartementet Allan Ellingsen.
Tid: Tysdag 10. desember kl. 13.00.
Sted: Ruters kundesenter på Oslo S (tidlegare Trafikanten). Bruk inngangen til Ruter S – sjå vedlagte illustrasjon:
Grunnlaget for rapporten er ein såkalla 21-prosess. Her har representantar frå næringsliv, kunnskapsmiljø og myndigheitar vore samla i ei strategigruppe, leia av Bernt Reitan Jenssen, til daglig leiar i kollektivselskapet Ruter.
Statssekretæren og medlemmer av strategigruppa er tilgjengeleg for intervju etter overrekkinga. Det er sett av ein time til pressetreffet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19.
For meir informasjon, sjå pressemelding av 18. februar 2019