Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa prioriterer rasutsette strekningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Noreg er eit land med mange rasutsette vegstrekningar, og vi ønsker ikkje at folk skal køyre med hjartet i halsen. Derfor har regjeringa sørga for ei kraftig satsing på vedlikehald og investering av norske vegar. For neste år løyver vi nær 1,9 milliardar kroner til rassikring på riks- og fylkesvegar. Det bidrar til tryggare reiser for både folk og varer, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa nær 1,1 milliard kroner til rassikring på riksvegar. Nær 800 millionar kroner er foreslått fordelt til fylkesvegar.

Regjeringa sett av 100 millionar kroner for å starte å bygge E16 Kvamskleiva i Innlandet. I Nasjonal transportplan var det ikkje lagt opp til byggestart før i perioden 2024-2029, prosjektet vert dermed framskunda med fleire år.  

- E16 Kvamskleiva er eit viktig prosjekt for å sikre godt framkome på ein av hovudfartsvegane mellom Oslo og Bergen. Derfor framskundar vi oppstarten av bygginga. Den rasutsette strekninga er òg ein flaskehals der det ofte er store problem vinterstid. Det er svært gledeleg at vi starter bygginga av tunnelen allereie neste år, seier Dale.

Store prosjekt

I tillegg til Kvamskleiva får følgande prosjekt pengar til rassikring i 2020:

  • Rv. 5 Kjøsnesfjorden i Vestland: 410 millionar kroner til fortsatt utbygging
  • Rv. 13 Vik – Vangsnes i Vestland: 158 millionar kroner til fortsatt utbygging
  • E69 Skarvbergtunnelen i Troms og Finnmark: 380 millionar kroner til fortsatt utbygging

E16 Voss – Arna og E6 Indre Nordnes – Skardalen får pengar til sluttoppgjer.

Rassikring av fylkesvegar

- Det er viktig å gi fylka moglegheit til å sikre sine eigne vegar. Regjeringa foreslår derfor å fordele nær 800 millionar kroner av midlane til fylka til rasutsette fylkesvegar. Midlane er fordelt etter Statens vegvesen si kartlegging av rasfaren på norske vegar. Det kjem folk i heile landet til gode, seier samferdselsministeren.

Fordelinga mellom fylka er slik:

 

(Mill. kr)

Viken

12,3

Oslo

0,0

Innlandet

13,6

Vestfold og Telemark

29,6

Agder

6,3

Rogaland

26,7

Vestland

413,3

Møre og Romsdal

84,4

Trøndelag

0,0

Nordland

62,4

Troms og Finnmark

147,6

Sum

796,3