Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

25 millionar kroner til testsenter i Vesterålen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner i 2021 til å planleggje eit nytt testsenter for oljevernteknologi på Fiskebøl i Vesterålen.

– Skipstrafikken og maritime aktivitetar i dei nordlegaste områda i landet aukar. Difor må Noreg også vere i førarsetet når det gjeld å handtere marin forsøpling og oljesøl langs kysten vår. Regjeringa sett no av midlar til planlegging for å etablere eit testsenter for utvikling av oljevernteknologi, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

– Reint hav er ein botnplanke for fiskeri- og havbruksnæringa. Det er føresetnaden for at vi skal lukkast med å vere ein av verdas fremste sjømatnasjonar og for å skape vekst i den blå økonomien, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Regjeringa byggjer vidare på kompetansen til Senter for oljevern og marint miljø, som blei etablert i 2018 med base i Lofoten, og til Kystverket, som er myndigheit i saker med akutt forureining. I statsbudsjettet for 2021 setter regjeringa av pengar som sørger for at planlegginga av testfasilitetane kjem i gong. Dei nye testfasilitetane skal liggje på Fiskebøl i Vesterålen.

Betre rusta til å verne havet med meir kunnskap og kompetanse

– Sjølv om havet utanfor vår eigen kyst kan vere barskt og vêrhardt, så er det også sårbart. Spesielt der det er mykje havis, kan forureining ha negative konsekvensar for dyreliv og folk. Med auka kunnskap og kompetanse blir vi betre rusta til å verne havet mot ulike farar, seier Hareide.

Tidlegare i år fekk Samferdselsdepartementet tilsendt eit forprosjekt utarbeidd av Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø. Forprosjektet har gitt myndigheitene ulike alternativ til korleis testfasilitetane kan innrettast.

Foreslår å doble løyvinga

I budsjettforslaget for 2021 foreslår regjeringa å setje av om lag 52 millionar kroner over Samferdselsdepartementets budsjett til Senter for oljevern og marint miljø. Dette er ei dobling samanlikna med vedtatt budsjett 2020. 25 millionar kroner av midlane går til oppstart av etablering av testfasilitetar.

Fakta:

  • Senter for oljevern og marint miljø er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet.
  • Senter for oljevern og marint miljø skal vere eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter som skal vere ein pådrivar for utvikling av kostnadseffektive og miljøvennlege teknologiar, metodar og tiltak for oljevern og mot marin forsøpling.
  • Senter for oljevern og marint miljø blei etablert i 2018 i Svolvær. Regjeringa har tidlegare bestemt at senteret skal vere til stades i både Vesterålen og Lofoten.

Sjå alle pressemeldingane frå Samferdselsdepartementet.