Invitasjon til frukostmøte for pressa om NTP: Store endringar i måten vi planlegg og prioriterer på i norsk samferdselspolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 154/20 | Dato: 16.09.2020
Samferdselsminister Knut Arild Hareide inviterer pressefolk med samferdsel som viktig arbeidsfelt til frukostmøte om nye grep i neste Nasjonal transportplan.
- Tid: Måndag 21. september kl. 08:00 til 09:30. Oppmøte frå kl. 07:30.
- Stad: Youngs Nedre, Youngstorget, Oslo. Inngang frå Pløens gate.
- Servering: Frukost.
Av omsyn til smittevern er det krav om påmelding.
Tema er viktige endringar som kjem i ny Nasjonal transportplan – mellom anna porteføljestyring. Dagens samferdselssatsing er utan sidestykke. Samstundes har kostnadane eksplodert. Neste NTP skal difor sikre at vi får meir igjen for fellesskapet sine pengar, og bidra til at vi får dei rette løysingane.
Det blir korte innlegg frå
- Alexandra Bech Gjørv, konsernsjef i SINTEF og medlem i regjeringa sitt ekspertutval for teknologi og framtidas transportinfrastruktur
- Bernt Reitan Jenssen, adm.dir. i Ruter og medlem i regjeringa sitt ekspertutval for teknologi og framtidas transportinfrastruktur
- Ingrid Dahl Hovland, direktør i Statens vegvesen
- Finn Aa Hobbesland, direktør planlegging og drift i Nye Veier AS
- Samferdselsminister Knut Arild Hareide
Det er sett av god tid til spørsmål og samtale.
Talet på deltakarar avgrensa – det er difor krav om bekrefta påmelding innan fredag 18. september til sdinfo@sd.dep.no. Merk eposten "Påmelding".
Spørsmål kan rettast til pressevakt på telefon 919 14 777.