Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa foreslår å dekke tapte inntekter for Torp og Haugesund lufthamner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 84/21 | Dato: 11.05.2021
Inntektene til lufthamnene har falt som følgje av pandemien. For å dekke eventuelle tap i andre halvår i 2021 for Torp Sandefjord lufthamn og Haugesund lufthamn Karmøy, foreslår regjeringa å auke løyvinga med 102 millionar kroner for 2021.
– Lufthamnene Haugesund og Torp har blitt hardt råka som følgje av pandemien. Desse lufthamnene er viktige regionale knutepunkt og arbeidsplassar for mange menneske. Difor foreslår vi å auka løyvingane til desse to lufthamnene no, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Nesten ei dobling i løyvinga for 2021
For første halvdel av 2021 er det løyvt til saman 110,5 millionar kroner til dei to lufthamnene. Utbetalinga av denne stønaden er for tida til handsaming i EFTAs overvakingsorgan, ESA, som må godkjenne stønaden.
I det reviderte nasjonalbudsjettet foreslår regjeringa å legge til ytterlegare 102 millionar kroner til å dekke eventuelle tap for både Torp og Haugesund lufthamner i andre halvdel av 2021. Lufthamnene kan på det meste få til saman 212,5 millionar kroner til å dekke eventuelle tap i 2021, med ein føresetnad om medhald frå Stortinget og ESA.
– Når kvardagen kjem tilbake skal vi ha ein luftfart som er raskt på vingane att. Det inneber at bakkemannskapet og dei som forvaltar flyplassinfrastrukturen framleis har arbeid å gå til. Difor ønsker regjeringa i dette reviderte budsjettet å redusere dei negative ringverknadene frå pandemien med å dekke tapte inntekter, seier Knut Arild Hareide.
Varslar strammare praksis
EFTAs overvakingsorgan, ESA, har varsla innstrammingar i praksisen for å gje stønad for tap som følgje av koronapandemien. Moglegheitene for å gje stønad til lufthamnene i andre halvdel av 2021 kan bli mindre. Regjeringa vil følgje situasjonen tett, og kjem til å sjå på dei framtidige behova til lufthamnene utover 2021.