Historisk arkiv

Samferdselsminister Knut Arild Hareide til Kristiansand fredag 18. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I samband med samferdselsminister Knut Arild Hareides besøk til Kristiansand fredag, deltek han mellom anna på vegopninga av E18 Varoddbrua. Statsråden vil òg ha eit møte med ordføraren i Kristiansand kommune om mellom anna byvekstavtale og bypakke. Pressa er invitert til å delta, men må melde seg på.

Program

Kl. 11.00: Markering av opninga av E18 Varoddbrua.
Påmelding for presse til Statens vegvesen ved kommunikasjonsrådgjevar Samir Kolukcija: samir.kolukcija@vegvesen.no

Kl. 13.45: Møte med ordføraren i Kristiansand kommune om mellom anna byvekstavtale og bypakke Kristiansand. Samferdselsministeren møter pressen etter møtet, ca. kl. 14.30.
Påmelding til kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet, Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no

Kontaktperson for dagen: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no / 976 28 091