Debattinnlegg av samferdselsminister Dale: Trygg og robust kommunikasjon - eit felles ansvar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 18.12.2018
Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i Nordlys, iTromsø, Folkebladet, Avisa Nordland, Vesterålen Online og digi.no i dagane 10. - 12. desember 2018.
30. november var fleire kommunar i Finnmark utan fasttelefoni og mobilnett i ein periode på fem timar. Det er alvorleg, og hendinga viste kor sårbare vi kan bli i ein slik situasjon. Heldigvis gjekk det bra med fiskarane som var i havsnaud, men ei slik hending ønsker vi ikkje oppleve igjen.
Vi er framleis i ein prosess der vi arbeider for å finne ut nøyaktig kva som skjedde i Finnmark. Men uavhengig av kva evalueringa viser, skal folk vite at både staten og ekomtilbydarane tek sitt ansvar på alvor.
Som eit grunnprinsipp er det ekomtilbydarane, både Telenor og dei andre mobilnetteigarane, som er ansvarleg for å levere tenester med forsvarleg tryggleik. Mobilnetteigarane er tidlegare pålagd å betre reservestraumkapasiteten på alle mobilbasestasjonane i landet. I risikoutsette område skal basestasjonane verke i minst fire timar om straumen vert vekke. Dette arbeidet skal vere ferdig i 2019. Netteigarane vil bruke meir enn 1,1 milliardar kroner på å gjere om på alle basestasjonane i landet. Dette vil auke tryggleiken og oppetida ved straumbrot.
Mobilnettet blir forsterka over heile landet.
Regjeringa meiner ytterlegare tiltak er naudsynt. Derfor har regjeringa auka løyvingane til telesikkerheit og beredskap kraftig dei siste åra, frå 59 millionar kroner i 2014 til 183 millionar kroner i 2018.
Mellom anna har midlar gått til programmet "Forsterket ekom". I programmet, der Nkom, ekomtilbydarane, DSB og lokale styresmakter samarbeider på ein god måte, blir det identifisert eitt område i kommunane som er særleg viktig for lokal krisehandtering. Mobilnettet blir forsterka slik at det skal fungere i dette området i minst tre døgn ved straumbrot. Målet er å etablere eitt slikt område i alle kommunane i landet. Dei som er mest utsette og sårbare for ekstremvêr vert prioriterte først. Til no har 35 kommunar fått etablert forsterka ekom, og neste år vil vi passere 40. Til dømes har alle kommunane i Lofoten fått etablert forsterka ekom med statlege midlar, og statlege midlar har også bidrege til å få bygd ein kabel som gir ein alternativ føringsveg for elektronisk kommunikasjon til Lofoten.
I Finnmark har tre kommunar fått forsterka ekom; Hammerfest, Hasvik og Loppa. Det jobbast med å gi ytterligare tre kommunar i fylket det same innan fyste halvdel av 2020. Desse tre kommunane opplevde utfallet førre helg; Lebesby, Gamvik og Berlevåg. Staten bidrar med 17,9 millionar kroner for å gi desse tre kommunane forsterka ekom.
Tilgang til elektronisk kommunikasjon er avgjerande for at folk skal vere trygge. Folk kan føle seg trygge på at denne regjeringa prioriterer arbeidet for å bidra til trygge og robuste elektroniske kommunikasjonsnett høgt.