Debattinnlegg av samferdselsminister Dale: Fortsatt høge krav til drosjenæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 13.03.2019
Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. På trykk i Nettavisen, Sunnmørsposten, Fædrelandsvennen, Jærbladet, Nordlys, iTromsø, Finnmark Dagblad, Tidens Krav, Rogalands Avis, Firda Tidend, Folkebladet, Brønnøysunds Avis, Framtid i Nord, Drammens Tidende, Agderposten, Dagen, Moss Avis og Lokalavisa Trysil - Engerdal i perioden 1. - 13. mars 2019.
Vi skal ha ein velfungerande drosjemarknad som gir eit enda betre tilbod til dei reisande. Ny teknologi har endra folks forventningar til drosjetilbodet. Vi ønsker større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig som vi sikrar tilbodet i distrikta. Dette er særskilt viktig i ei tid der omsetninga i drosjenæringa går nedover, og der nye bildelingstenester over tid vil gi den vanlige taxien auka konkurranse.
Vi må ha eit regelverk som gir større konkurranse, men som samstundes sikrar ei seriøs og trygg drosjenæring for passasjerane i framtida.
I desse dagar jobbar regjeringa med nye reglar for drosjenæringa. Nyleg hadde vi forslag til nytt regelverk på høyring, og vi ventar å kunne leggje fram nye reglar for Stortinget før sommaren.
Det er for tidleg å seie nøyaktig korleis alle desse lovendringane blir, men noko kan vi slå fast allereie.
I dag treng alle som driv drosjetransport løyve. Dette kravet vil vi oppretthalde også i framtida. For å få eit løyve må den som søkar også oppfylle fleire krav. Ein må ha god vandel, registrere føretaket i Enhetsregisteret, og dokumentere at ein ikkje har restansar på skattar og avgifter eller er under konkursbehandling. Dette er langt strengare krav enn det ein stiller til dei som vil starte i andre næringar. Vi vil også ha strengare krav til bilførars fagkompetanse .
Vi vil dermed innføre eit fagkompetansekrav for å kunne kjøre drosje. Særleg med omsyn til transport av barn, eldre og brukarar med nedsett funksjonsevne meiner eg det er behov for eit slikt fagkompetansekrav. Gjennomføring av prøva vil skje på norsk, og vi foreslår at det skal vere eit krav om å ha hatt førarkort for personbil i to år.
I høyringa ligg det også eit forslag om at alle drosjeturar skal loggførast. Føremålet er å bidra til at uønskte hendingar som kan skje i drosjen kan klarast opp i etterkant. I tillegg kan det verke førebyggjande og gje tryggleik for både passasjerane og sjåførane å vite at reisa blir logga.
Eg har vore oppteken av at det framleis skal være gode drosjetilbod i distrikta. Fylkeskommunane skal difor kunne gje einerettar til enkelte aktørar. Denne eineretten vil på mange måtar fungere slik som behovsprøvinga gjer i dag. Lokale styresmakter vil slik ha gode verkty for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod utanfor dei store byane.
Det vil også stillast krav til sikkeheit for køyretøyet. Krav om at køyretøyet må registrerast som drosje i motorvognregisteret vil framleis gjelde, og vil omfatte både køyretøy som nyttast til drosjetransport på heiltid og deltid.
Vi vil med andre ord ikkje gjere det fritt fram for alle med ein bil til å kunne køyre drosje.
Drosjenæringa er i endring, skal vi gi både dei som arbeider i næringa og passasjerane eit godt tilbod i framtida må vi syte for at dei som vil bruke taxien faktisk bruker dette i den regulerte delen av næringa. Det sikrar vi best med eit modernisert regelverk som varetek både auka konkurranse i byane, og godt tilbod i distrikta. Det vil regjeringa legge til rette for.