17. mai-tale av samferdselsminister Jon Georg Dale
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 17.05.2019
17. mai-tale 2019 – Southwark park, London.
Sjekkast mot framføring
Dear friends!
It is a pleasure to be here in London, a city that I love and visit as often as possible. I am touched to see all of you who have come to celebrate our constitution day – the 17th of May.
For those of you that do not speak Norwegian, I want to say congratulations. I hope you will forgive me for continuing this speech in Norwegian.
Kjære alle saman!
Oi, oi, oi – for eit vakkert syn! Dette har eg verkeleg gleda meg til!
Da eg blei spurt for ganske lenge sidan om å komme til London på 17. mai, vart eg hoppande glad.
Grunnen er ganske enkel: Eg elskar London og eg elskar 17. mai.
Ja – eg gjekk faktisk til det skrittet å kjøpe meg bunad for anledninga. Det skal litt til for ein sunnmøring å gjer ei slik investering i vaksen alder. Men eg følte det var rett når eg skulle få lov å feire 17. mai samen med dykk i London.
Norge og Storbritannia har eit nært og sterkt forhold.
Ikkje berre i mitt hjarte har dette landet ein spesiell plass, det trur eg gjeld heile det norske folket.
At konge og regjering var i eksil her i London i dei vanskelege krigsåra og koordinerte motstandskampen herifrå, har hatt mykje å seie.
Men det er meir. Musikk, TV-seriar, dei kongelege, fish and chips, raude bussar i to etasjar. Og viktigast (synes eg): den pasjonen veldig mange nordmenn har for fotball. For sitt lag. For sin stadion. I England.
I vaksen alder er det for meg nemlig berre nokre få ting som kriblar i magen, slik det gjer for mange norske barn verda over i dag. Den litt vonde, utolmodige spenninga i forkant. Den forventningsfulle turen til arrangementet og den gleda når ting endelig er i gang.
Det er vegen opp til N17, til Tottenham Hotspur Fotball Stadium.
Og av alle desse grunnane har vi nordmenn eit spesielt forhold til England og Storbritannia. Eit langvarig og tillitsfullt forhold, som vi også kan tillate oss å feire i dag.
Vi er som vanleg litt annleis vi nordmenn, også når vi feirar nasjonaldagen vår.
Vi synes i alle fall det sjølv. Vi klarer å være stolte av landet vårt, utan å verte nasjonalistiske.
Vi klarer å vise styrke, utan å vise makt gjennom militærparadar og våpen
Og vi klarer å vise at vi er ein ung nasjon, men med stolt historie.
Vi klarer å gjere det til ein folkefest. Og vi klarer å overføre gleda av eiga grunnlov til komande generasjonar.
For hos oss er det de barna som er i sentrum. Irrgrøn bjørk, flagg i raudt, kvitt og blått, muntre hurra-rop og folkedrakter frå Lindesnes til Nordkapp. Pølse og is og lett og glad stemning.
Kvifor er det slik? Er vi sjølvtilfredse? Hadde verkeleg Gro rett? Er det typisk norsk å vere god?
Eg kunne funne på å sagt ja,, men det er alltid ei fare for å bli sjølvgod, og det må vi passe oss for. Men når vi er stolte på nasjonaldagen vår, så trur eg det handlar om noko anna. Eg trur det handlar om at vi er takksame.
Det som skjedde på Eidsvoll da vi fikk vår eigen grunnlov i 1814, var at vi blei frie. Norge blei sjølvstendig. Fri til å stå på eigne bein, fri til å ta eigne val.
Og vi valde klokt.
For vi valde demokrati. Vi valde folkestyre, Ytringsfridom. Fridom til å meine og seie det vi vil. Fridom til å kunne påverke samfunnsutviklinga.
Og det har det norske folk gjort. I dag har vi eit samfunn der vi har moglegheit til ta eigne val, moglegheit til å leve som vi vil, med kven vi vil.
Det er vi stolte av. Og takksame for. Vi er på the winning team, kjennes det som. Og det må være lov å være glad for, i alle fall på ein dag som denne.
For det er viktig også i vår tid at vi ikkje gløymer kva denne dagen eigentleg handlar om: Vår fridom.
Mange stader i verda er den fridomen vi i dag feirar ein ukjent fridom. Ein fridom ein knapt kan førestille seg.
Men alt dette som vi i dag haustar av har ikkje koma av seg sjølv.
Det har kome av uendelig slit og hardt arbeid.
Det har kome av vår evne til bygge landet vårt i fellesskap og med høg tillit mellom folk.
I Dalsfjorden der eg veks opp seier vi fortsatt: Ein mann er ein mann, og eit ord er eit ord.
Eg vil ikkje kalle dette norske verdiar, men eg vil kalle det våre verdiar. Verdiar forfedra våre har kjempa for, i fred, i krise og i krig.
Dette er verdiar vi må fortsette å ta vare på.
Så i dag heier eg på Norge. Og på London. Og alle dykk som har kome hit til Southwark Park for å feire Norges nasjonaldag saman.
Eg har lova Hans Majestet Kongen å helse dykk alle her i dag, og ynskje dykk som er her ei fantastisk flott feiring.
No skal vi kose oss glugg i hel. Vanlegvis får eg servert mykje kortreist mat rundt omkring i landet, men i dag gler eg meg til langreist mat. Norske pølser og norsk is. Det skal smake!
Gratulerer så mykje med dagen, alle saman!