Diskuterte flyktningkrisa med Merkel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 17.09.2015
Statsminister Erna Solberg besøkte onsdag Berlin, der ho deltok på eit G7-forum om kvinner, entreprenørskap og yrkesutdanning. Solberg møtte også forbundskanslar Angela Merkel til eit bilateralt møte, der flyktningkrisa stod i fokus.
– Merkel støtta det norske initiativet til ein givarlandskonferanse for Syria og nærområda, og me var einige om at me må få til eit fungerande system for å mottak av flyktningar som kjem til Europa, sa Solberg etter møtet.
Statsministeren møtte også ekspertar frå Norges Røde Kors som no er i Tyskland for å hjelpa til med å ta imot flyktningar. I tillegg møtte ho den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble. Den økonomiske utviklinga i Europa var eit viktig tema i møtet mellom Solberg og Schäuble.
– Tyskland er ein av våre aller viktigaste partnarar, og det er viktig med god kontakt med Tyskland i diskusjonane om korleis vi saman møter dei utfordringane Europa no står overfor, seier Solberg.