Pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet»
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 21.04.2020
Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim inviterer til pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet» onsdag 22. april kl. 12.00. Følg pressekonferansen her.
Pressekonferanse om kompetansereforma «Lære heile livet»
Sjå sendinga her
Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1.
Oppmøte for pressefolk seinast kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og id. Informasjon om påmelding finn du lenger nede i teksten.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er fagdirektør Åsmund Eide, telefon 400 36 841, e-post asmund.eide@kd.dep.no.
Påmelding til pressekonferansen skjer til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 22. april kl. 09.00. Me ber om at kvart mediehus avgrensar oppmøte av journalistar og fotografar til maks to per redaksjon.
Presse som ikkje har anledning til å vere til stades kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1200 i emnefeltet. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at alle får svar på spørsmåla sine.
Pressekonferansane vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontakt DSS på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.