Koronakommisjonen overleverer rapport til statsministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Statsministerens kontor
Nyhet | Dato: 09.04.2021
Koronakommisjonens leiar Stener Kvinnsland overleverer kommisjonens rapport til statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse på Statsministerens kontor onsdag 14. april kl. 13.30.
Koronakommisjonen overleverer sluttrapporten til statsministeren
Se sendingen her
Justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie vil òg vere til stades, saman med fleire av medlemmene i kommisjonen.
Pressekonferansen går føre seg i Glacisgata 1. Påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag 14. april kl. 09.00.
Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.
Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1404 i emnefeltet. Innsendingsfrist onsdag kl. 13.00. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.
Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 13.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Glacisgata. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.
Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.
Sjå Koronakommisjonens nettside for meir informasjon om kommisjonens arbeid. Stener Kvinnslands presentasjon og anna relevant informasjon frå kommisjonen blir publisert her kort tid etter pressekonferansen.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for Koronakommisjonen er kommisjonens leiar Stener Kvinnsland, telefon 95 89 05 14, e-post stener.kvinnsland@koronakommisjonen.no.