Priv. til red.:
Statsråd Vidar Helgesens program veke 44
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 113/2014 | Dato: 24.10.2014 | Sist oppdatert: 03.11.2014
Statsråd Helgesen deltek denne veka mellom anna på det første møtet for nordiske Europaministrar i samband med Nordisk ministerråd i Stockholm.
Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. oktober
Statsråd Helgesen representerer regjeringa ved opninga av verdas fyste flytande LNG-anlegg i Litauen. Stad: Klaipeda, Litauen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Tysdag 28. oktober
Statsråd Helgesen deltek på det første møtet for nordiske Europaministrar i samband med Nordisk ministerråd. Stad: Stockholm.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Fredag 31. oktober
Statsråd Helgesen møter utanlandske korrespondentar i Noreg. Stad: Norges Internasjonale Pressesenter, Klingenberggaten 5.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.