Priv. til red.:
Statsministerens program veke 7
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 11/2014 | Dato: 07.02.2014
Statsministeren reiser til vinter-OL i Sotsji. I tillegg deltek ho blant anna på den offisielle opninga av Grunnlovsjubileet 2014.
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 10. februar
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret våren 2014.
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30.
Etter møtet, om lag kl. 15.30, er møtedeltakarane tilgjengelege for pressa. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 15.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Tysdag 11. februar
Statsministeren er på reise i Oslo og Akershus.
Kl. 09.45 Statsministeren besøkjer Kjeller skule i Skedsmo kommune.
Stad: Kunnskapsveien 19, Kjeller.
Kl. 11.10 Statsministeren besøkjer Bjøråsen skule på Romsås i Oslo.
Stad: Sverre Iversens vei 37.
Kl. 13.00 Statsministeren besøkjer Rykkin skule i Bærum.
Stad: Stian Kristensens vei 114.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Torsdag 13.–søndag 16. februar
Statsministeren reiser til vinter-OL i Sotsji, der ho blant anna skal vera til stades på alpint superkombinasjon for menn, 15 km langrenn for menn, langrennstafetten for kvinner og snowboardcross for kvinner.
Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 416 68 945 og kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 416 69 757.
Søndag 16. februar
Om kvelden deltek statsministeren på den offisielle opninga av Grunnlovsjubileet 2014 på Eidsvoll.
Presse må akkrediterast til arrangement@stortinget.no innan onsdag 12. februar. Fleire opplysningar om arrangementet finn du på nettsidene til grunnlovsjubileet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Måndag 17. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Stockholm, der ho blant anna skal ha eit bilateralt møte med Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt. Solberg skal også delta på The Post Davos Nordic Summit, der politikarar, næringslivsleiarar og ekspertar i Norden skal drøfte oppfølginga av World Economic Forum i Davos og konsekvensar for samfunn, politikk og næringsliv. Meir informasjon om konferansen.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.