Historisk arkiv

Endringar blant statssekretærane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

I samband med endringane i regjeringa i dag, er det i statsråd gjort endringar i statssekretærlista.

Statssekretærane André Rajan Kolve, Per-Willy Trudvang Amundsen, Ove André Vanebo, Gjermund Hagesæter og Hanne Caroline Simonsen Iversen har fått avskil i nåde.

Statssekretær Elsbeth Tronstad har fått avskil i nåde som statssekretær for statsråd Elisabeth Vik Aspaker i Utanriksdepartementet, og er utnemnd til statssekretær for statsråd Frank Bakke-Jensen i Utanriksdepartementet.

Statssekretær Cecilie Brein-Karlsen har fått avskil i nåde som statssekretær for statsråd Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet, og er utnemnd til statssekretær for statsråd Siv Jensen i Finansdepartementet.

Statssekretærene Kjell-Børge Freiberg og Ingvil Smines Tybring-Gjedde har fått avskil i nåde som statssekretærar for statsråd Tord Lien i Olje- og energidepartementet, og er utnemnde til statssekretærar for statsråd Terje Søviknes i Olje- og energidepartementet.

Statsekretær Thor Kleppen Sættem har fått avskil i nåde som statssekretær for statsråd Anniken Hauglie i Arbeids- og sosialdepartementet, og er utnemnd til statsekretær for statsråd Per-Willy Trudvang Amundsen i Justis- og beredskapsdepartementet.

Politisk rådgivar Toril Charlotte Ulleberg Reynolds og politisk rådgivar Anette Carnarius Elseth er utnemnde til statssekretærar for statsråd Per-Willy Trudvang Amundsen i Justis- og beredskapsdepartementet.

Gruppeleiar Bjørnar Laabak er utnemnd til statssekretær for statsråd Jan Tore Sanner i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Assisterande daglig leiar Frode Gaasland Hestnes er utnemnd til statssekretær for statsråd Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet frå det tidspunkt Statsministerens kontor bestemmer.

Politisk rådgivar Morten Bakke er utnemnd til statssekretær for statsråd Anniken Hauglie i Arbeids- og sosialdepartementet.

Endringane gjeld frå i dag, 20. desember 2016 kl. 18.00, der ikkje anna er fastsett.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP). Statssekretærane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Julie Margrethe Brodtkorb (H)
Lars Øy (H)
Sigbjørn Aanes (H)
Himanshu Gulati (FrP) - 75 prosent
Torkild Hebbert Haukaas (H)
Ingvild Næss Stub (H)
Marianne Eikvåg Groth (H)

For finansminister Siv Jensen (FrP)
Jørgen Næsje (FrP)
Tore Vamraak (H)
Cecilie Brein-Karlsen (FrP) – permisjon til 16.01.2017
Petter Kvinge Tvedt (FrP)
Brage Baklien (FrP)

For kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)
Paul Chaffey (H)
Kristin Holm Jensen (H)
Anne Karin Olli (H)
Grete Ellingsen (H)
Bjørnar Laabak (FrP) 

For samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP)
Tom Cato Karlsen (FrP)
Reynir Johannesson (FrP)
Tom-Christer Nilsen (H)

For utanriksminister Børge Brende (H)
Tone Skogen (H)
Laila Bokhari (H)
Marit Berger Røsland (H)

For næringsminister Monica Mæland (H)
Lars Jacob Hiim (H)
Dilek Ayhan (H)

For klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)
Lars Andreas Lunde (H)

For barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP)
Kai-Morten Terning (FrP)

For helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
Anne Grethe Erlandsen (H)
Lisbeth Normann (H)
Fredrik Wang Gierløff (H) – konstituert 14.05.2016-29.01.2017
Frode Gaasland Hestnes (FrP) – frå 9. januar 2017

For forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H)
Øystein Bø (H)

For innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP)
Vidar Brein-Karlsen (FrP)
Fabian Stang (H)

For kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Bjørn Haugstad (H)
Magnus Thue (H)

For fiskeriminister Per Sandberg (FrP)
Ronny Berg (FrP)
Roy Angelvik (FrP)

For arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Christl Kvam (H)
Morten Bakke (H)

For kulturminister Linda Hofstad Helleland (H)
Bård Folke Fredriksen (H)
Himanshu Gulati (FrP) - 25 prosent

For landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP)
Hanne Maren Blåfjelldal (FrP) - permisjon 27.06.2016-30.04.2017
Terje Halleland (FrP) - konstituert 18.04.2016-30.04.2017

For EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H)
Elsbeth Tronstad (H)

For olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP)
Kjell-Børge Freiberg (FrP)
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)

For justis- og beredskapsminister Per-Willy Trudvang Amundsen (FrP)
Thor Kleppen Sættem (H)
Toril Charlotte Ulleberg Reynolds (FrP)
Anette Carnarius Elseth (FrP)