Kongepar i 25 år - akkreditering for presse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 002/16 | Dato: 06.01.2016
Søndag 17. januar skal det markerast at det er 25 år sidan Kong Harald og Dronning Sonja vart Noregs kongepar.
Regjeringa si gåve i samband med 25-årsmarkeringa er fleire utandørsarrangement i Oslo sentrum. Det vert underhaldning på Universitetsplassen, vinteraktivitetar på Slottsplassen og ei festforestilling i Universitetets aula.
Pressefolk må akkrediterast. Fristen er fredag 8. januar kl. 12.00. Du kan akkreditera deg ved å senda ein e-post til Statsministerens kontor på smkinfo@smk.dep.no. Alle som søker om akkreditering må ha gyldig pressekort. Akkreditert presse vil få ytterlegare detaljar om val av fotoposisjonar, henting av akkrediteringskort osv.
Meir informasjon om programmet for dagen finn du her.
Kontaktperson er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.