Historisk arkiv

Statsministerens program veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger og Molde, og held denne veka fram i Kristiansand, Tysvær og Karmøy.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 16. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger og Molde, og held no fram i Kristiansand. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer Elkem Solar, Fiskåveien 100. Oppmøte for pressefolk i vakta seinast kl. 10.15.

Kl. 12.00: Statsministeren taler på Kommunalpolitisk toppmøte 2016, i Kilden Teater- og Konserthus. I starten av lunsjpausen er statsministeren tilgjengeleg for presse i foajeen.

Kl. 13.30: Statsministeren og arbeidsministeren møter eit bredt utval av bedrifter for å diskutera situasjonen for næringslivet på Sørlandet. Møtet går føre seg hjå MHWirth, Butangen 21. Møtet varer i to timar. Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet og når statsministeren og arbeidsministeren etterpå får ei omvising i verkstaden til MHWirth.

Kl. 16.30: Statsministeren deltek på eit ope medlemsmøte i regi av Høgre, på Clarion Hotel Ernst i Kristiansand. Statsministeren held ei innleiing om omstilling i næringslivet.

Pressekontakt for besøket til Kristiansand er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 17. februar
Statsministeren held fram reiserunden sin til dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Tysvær og Karmøy er kommunane statsministeren besøkjer denne gongen. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar. 

Kl. 10.50: Statsministeren besøkjer Kårstø prosessanlegg i Tysvær kommune.

Presse må møte i resepsjonen i administrasjonsbygget kl. 10.30. Ta med gyldig ID (sertifikat, bankkort med bilete eller pass). Namn på besøkande må sendast inn dagen før besøket. Send til informasjonsleiar Ove Tungsvik på OVTU@statoil.com.

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer Deep Well på Karmøy, som mellom anna driv med brønnintervensjon. Adresse: Husøyvegen 171, Husøy. Presse må møte seinast kl. 13.00.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 19.30: Statsministeren er vertinne på ein middag for høgsterettsjustitiarius Tore Schei i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Torsdag 18. februar
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades når sentralbanksjefen held årstale i Noregs Bank. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 19. februar
Kl. 10.00: Statsministeren taler på klimakonferansen Broen til framtiden på Folkets Hus i Oslo. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Laurdag 20. februar
Statsministeren er til stades under Ungdoms-OL på Lillehammer. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.