Statsministerens program veke 14
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 37/18 | Dato: 05.04.2018
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Fredag 6. april – søndag 8. april: Høgres landsmøte
Statsministeren taler til Høgres landsmøte fredag 6. april kl. 13.30. Stad: Thon Hotel Oslo Airport, Gardermoen. Sjå fleire detaljar på nettsidene til Høgre.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.
Tysdag 17. april
Statsminister Erna Solberg møter Indias statsminister Narendra Modi i Stockholm. Solberg deltek også i ein arbeidsmiddag saman med den indiske statsministeren og dei andre nordiske statsministrane.
Presse som ynskjer å dekke reisa må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 11. april.
Kontaktperson er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.