Statsministerens program veke 39
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 86/18 | Dato: 21.09.2018
Statsminister Erna Solberg leier denne veka Noregs delegasjon til FNs 73. generalforsamling i New York.
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Søndag 23. september – torsdag 27. september
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 73. generalforsamling i New York.
Ho drar til FN for å fremje arbeidet for berekraftig utvikling og bruk av havet, diskutere berekraftmåla og fremje det norske kandidaturet til ein plass i FNs tryggingsråd.
Statsministeren skal ha fleire bilaterale møte med andre stats- og regjeringssjefar. Ho skal også delta i diskusjonar om internasjonal handel, klima og jenters utdanning og helse.
Søndag møter statsministeren FNs generalsekretær António Guterres og pådrivargruppa for berekraftmåla. Statsministeren har ei særskild rolle som leiar for pådrivargruppa.
Måndag leier statsministeren det første møtet i det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi. Les meir om panelet her: www.oceanpanel.org. Same dag deltek Solberg på eit høgnivåmøte om fred i samband med 100-årsjubileet for Nelson Mandelas fødsel. Seinare på dagen deltek ho på ein FN-konferanse om hav og status for berekraftsmåla. Om kvelden deltek statsministeren på Atlantic Council Global Citizen Award, der ho tek imot ein pris.
Tysdag er statsministeren til stades på opninga av FNs generalforsamling. Seinare på dagen deltek ho mellom anna på eit møte om generalsekretæren sitt initiativ Action For Peacekeeping, om styrking av fredsoperasjonane. Ho er også til stades på mottakinga Goalkeepers, i regi av Gates Foundation. Tema for mottakinga er berekraftsmåla.
Onsdag deltek statsministeren i eit panel om globalt leiarskap og handel på Bloomberg Business Forum, og på FNs generalsekretærs klimamøte. Seinare på dagen deltek ho på One Planet Summit. Onsdag kveld held statsministeren det norske hovudinnlegget til FNs generalforsamling.
Torsdag deltek statsministeren mellom anna på eit høgnivåmøte om arbeidet mot ikkje-overførbare sjukdommar, og på ein høgnivådebatt om kvinners rolle i økonomisk vekst.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post trude.maseide@smk.dep.no.
Søndag 30. september
Kl. 16.00: Statsministeren deltek på ei mottaking i samband med Kåre Willochs 90-årsdag, på Høgres Hus i Oslo.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.